onsdag 29. april 2015

"Jøsenfjord" på veg til Kristiansand


"Jøsenfjord" ved Natvigs Minde i Stavanger onsdag.

"Jøsenfjord" er på veg fra Sandangervågen til Kristiansand. I dag blei den gamle rutebåten slept til holmen Natvigs Minde midt i havnebassenget i Stavanger. Om ei vekes tid blir "Jøsenfjord"taua vidare til Kristiansand der den blei bygd i 1886.

Lars Randa, styreleiar i Jøsenfjord.
- Nå skal "Jøsenfjord" i dokk på Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter.  Her vil båten truleg bli liggjande til heile stålskroget er sett i stand og reparert. For ei tid sidan løyvde Riksantikvaren 2,9 millionar kroner til "Jøsenfjord".

 Desse pengane skal brukast til setja i stand skroget frå baugen til skottet mellom mannskapslugarane og lasterommet. Me reknar med at Riksantikvaren nå løyver meir pengar i åra som kjem slik at heile skroget blir gjort ferdig. Dermed blir båten liggjande på Sørlandet i eit par år, seier Lars Randa som er styreleiar i Jøsenfjord Rutelag.

Taubåten "Rondo" slepte "Jøsenfjord" frå Randøy til Stavanger på to timar onsdag føremiddag. Styrehuset er teke av og står nå på akterdekket. Nå skal det setjast i land på Natvigs Minde. Der skal folk frå Engøyholmen under leiing av Curtis Anderson byggja nytt styrehus til "Jøsenfjord". Alt som er brukande på det gamle styrehuset, skal brukast på det nye.

Når "Jøsenfjord" kjem til Stavanger igjen, gjenstår alt trearbeidet før båten er ferdig restaurert. Lars Randa reknar med at dette arbeidet skal gjerast på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.

Rutebåten "Jøsenfjord" blei bygd ved Christiansands Mek. Værksted i 1886 som byggenummer 42 og fekk navnet "Lindesnæs". Som dampskip gjekk den i rutefart mellom Kristiansand og Farsund. I 1930 blei dampbåten seldt til AS Jøsenfjord og blei då omdøypt til "Jøsenfjord". I over 40 år gjekk den i rutefart i Ryfylke.

                                              "Jøsenfjord" slik den såg ut i 1930-åra.

I 1934 blei dampmaskinen skifta ut med ein Wichmann semidiesel-motor ved M. Haldorsen og Sønner  på Rubbestadneset.

I 1962 fekk "Jøsenfjord" bildekk og forma den har i dag. I 1975 overtok Stavangerske heile flåten til Jøsenfjord Rutelag.   Tre år seinare blei "Jøsenfjord" teken ut av rutefart. Seinare blei den seldt til utlandet.

For fire år sidan blei "Jøsenfjord" henta heim til Ryfylke igjen. Den gjekk for eigen motor over Nordsjøen frå Nederland til Norge. Den gamle semidieselen er den einaste gjenverande i sitt slag.

Viss du vil sjå "Jøsenfjord" i Stavanger før den set kursen for "fødebyen" i sør, er det berre til å kasta eit blikk bort på Natvigs Minde.































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar