lørdag 18. april 2015

Kan eg hosta meg i hel?

Eg skulle ha blogga, lese bok og studert ein båt. Men latskapen
 tok meg.

Eg trudde meir på influensa-vaksinen enn på Gud. Like fram til litla julafta i fjor. Nå er eg ikkje sikker lenger. Då møtte eg ein dokter hjå smeden i Vikevåg på Rennesøy. Han lo rått då eg vitna om den fantastiske vaksinen som hadde gjort meg influensa-frisk og fin den eine vinteren etter den andre.

Det kom ein alvorleg influensa-sjuk prest i smia. I mi omsorg for han anbefalte eg vaksinering som dokteren lo av.

 Etter det eg forsto, meinte denne moderne medisinmannen at vaksine mot influensa berre er tull og tøys. Du kunne visst like godt vaksinera deg mot latskap og avundsjuke. Bråkjekke doktrar som flirer av meg, er ikkje mellom mine favorittar.

Vinteren kom og var i ferd med å gå. Då havna eg på sjukehuset. Det veit alle dei som har lese dei tidlegare bloggane mine. Nok om det.

Eg har det mykje verre nå. Dryppande nase, vondt i hovudet, sår hals og kraftige hostekuler. Det står ei sky av hoste-basseluskar rundt meg.

Tidlegare i dag snakka eg med ein kamerat i Jøsenfjorden. Han har vore hardt plaga med hoste, snått og øyreverk. - I tillegg fekk eg bihulebetennelse. Auene helt på å komma ut, sa han som har hatt det verre enn meg.

Ute er det strålande vêr. Tid for å vera i hagen. I båten. Hjula på bilen skulle vore skifta. Allslags. Ein gong i min barndom hadde eg det på same vis. Då sa mor mi til meg: Stovegrisen har fått utferdstrang.

Alle bad for Gustav Tveit på litle juleafta. Eg trur det går godt
 med han. (Foto: Jonas Haarr Friestad)
Denne hoste-sjuka fører til ein forferdeg latskap. Eg burde gjort min del av husarbeidet. Ei svær bok om Johan Nygaardsvold som var norsk statsminister under krigen ligg halvlesen på bordet. Planen var å setja seg inn i politikken under krigen. Men dette var ei svær bok. Er berre kommen til 1935 til nå. Der står eg fast. Kjem eg nokon gong fram til krigen?

Men er desse plagene mine influensa? Kven veit? Det er slett ikkje sikkert at dokteren frå Rennesøy har rett. Eg kan antakeleg leva vidare med mi tru på vaksinen.

Så var dette med Gud. Litle julafta var 40-50 mannfolk samla i smia på Vikevåg. Her var det julaevangelium og andakt med bøn. Andaktshaldaren bad også for sjølvaste smeden, Gustav Tveit.

Eg trur det går godt med han.


 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar