mandag 13. april 2015

I helsekø med Se og Hør på kne

Nå veit eg mykje om privatlivet til fru Rypdal.
                                            
Å ta ein telefon etter eit gult legehelikopter, er gjort på eit halvt minutt. Ein snau halvtime brukar du gjennom lufta til sjukehuset. Ein audiens hos fastlegen, derimot, er ikkje nokon impulshandling. Då må du ha god helse, vilje til å komma deg opp om morgonen og ei utømmeleg interesse for å lesa om kjendisar som slår seg saman eller går frå kvarandre, 

Eg blei sluppen ut av sjukehuset fredag ettermiddag for fire veker sidan. Apoteket stengte klokka 5. Gitterporten blei senka bak oss, kånå og meg, då me slapp ut med ein bråte med piller av ulike kulørar. Nå skal eg eta tabbelettar resten av livet.

Sjukehuset var ferdig med meg. Det var kjekt å få komma heim og halda helg. Med i bagasjen hadde eg rekvisjon til fysioterapeut og pålegg om å gå til fastlegen for å få ny sjukemelding. Ei skikkeleg dårleg melding: Ikkje lov å kjøra bil på tre månader. Tidlegast 15. juni kan eg ta plass bak rattet igjen.

På mange måtar var eg både frisk og rask. Men på søndagen oppdaga eg at det ikkje er så lett å kutta toppen av egget med ei hand.

Min første mandag som sjukmeldt hadde eg  to postar på programmet eller agendaen som mange seier i dag. 1. Bestilla tid hos fastlegen. 2. Få avtale med ein fysioterapeut. Med friskt mot la eg i veg for å ordna opp.

Koss gjekk det?

Eg blei ikkje kasta på hovudet ut av fastlege-kontoret. Men dama i luka at forklarte det var uaktuelt med timebestilling. Dette var jo siste veka før påskeferien. - Kom igjen på tredje påskedag. Still deg i kø utfor kontordøra. Her åpnar me klokka kvart på åtta.

Neste post var fysioterapeut. Slike folk greier seg utan kontorluka og pasientfilter. Det gjekk ikkje meir enn eit lite minutt før eg snakka med ein av dei. -  Eg har hatt slag og treng hjelp av fysioterapeut til opptrening. Terapeuten viste meg tjukk, bulande avtalebok. - Eg kan ikkje hjelpa deg i dag. Her er det fullt. Men eg kan notera deg opp. Så får du beskjed når det er plass, sa han. Avtaleboka bula endå meir med mitt navn inni.

Ikkje lett å slå seg fram i helsejungelen på eiga hand. På sjukehuset sa dei at eg ville få tilbod om poliklinisk behandling på Lassa. Det gjekk berre eit par dagar. Så fekk eg brev frå Lassa. Der var eg velkommen i september.

Eg tok påskeferie.

Nå har eg vore hjå fastlegen. Der fekk  eg sett meg nøye inn i Inger Lise Rypdal sitt privatliv. Det brukte eg halvannan time på. Deretter fekk eg eit kvarter med fastlegen. Nå er eg sjukmeldt ut mai. Forresten har eg greidd å komma meg inn til fysioterapeut. - Du er jo gammale journalist. Du greier vel å masa deg inn der, sa kånå.

Sjå egget nå:

(Denne bloggen er gjennomlesen og kvalitetssikra av naboen. Han har vatn i kne.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar