onsdag 22. april 2015

Innleigde østlendingar, svenskar og raske rådmenn vil tyna Hjelmeland!

Her er ein del av Wyller sitt lesarbrev i Strandbuen i dag.


Hallo hjelmelandsbu! Du må ikkje sova nå. Kommunen din kan vera oppeten av Strand og Forsand før du veit ordet av det. Rett nok er det over 50 år sidan at eg budde fast i Hjelmeland, men nå er det på tide å melda flytting tilbake til fjord og fjell.

Den siste sorenskrivaren i Ryfylke, Christian Fredrik Wyller, vekte meg i dag. Alle som er opptekne av kva som skjer i Hjelmeland akkurat nå, må skaffa seg eit eksemplar av lokalavisa Strandbuen som kom ut i dag, onsdag. Eg visste ikkje om eg skulle le eller grina då eg les innlegget hans på side 3. Wyller er opphaveleg bymann, men i mogen alder har han busett seg fast på familie-eigedommen på Jøsneset.

Christian. F. Wyller.
Wyller er ein klok mann med sunne interesser. Gamle fjordabåtar, til dømes.

Folk i Hjelmeland er blitt inviterte til å bli med i eit innbyggjarpanel for å drøfta kommune-samanslåing. Her blei Wyller med.  - En selsom opplevelse, skriv han i Strandbuen.

På Spa-hotellet på Hjelmeland blei panel-deltakarane møtte av tre rådmenn assistert av ein austlending og ein svenske frå eit konsulent-selskap. Her gjekk det i power-point, gule post it-lappar og flip over-tavler i lange banar.

Paneldeltakarane skulle diskutera. Men rådmenn og konsulentar skulle styra diskusjonen i gruppene. Deltakarane skulle også få drøfta om det er råd å halda fram som eigen kommune. Men dette spørsmålet måtte venta til  rådmannen i Strand hadde lagt fram alle ulempene ved ikkje å gå inn i ein storkommune.

Sorenskrivaren reagerte over kor lite interesse det var for motargument. Ingen plass til kontradiksjon, som det heiter i retten.

Nå etterlyser sorenskrivaren demokratiske debattar før framtida for Hjelmelane kommune blir avgjort. Toppstyrte pratemøte på Spa-hotellet har ingen rolle i ein slik prosess.

Denne teksten er henta frå boka "Fjordbuar" av Johannes Arneson.
                 
Me må passa oss for grådige byråkratar og politikarar frå Strand.

Før du veit ordet av det, er hele Hjelmeland slukt av Strand kommune med hud og hår. Då blir Hjelmeland styrt frå Jørpeland. Alle som har litt peiling, veit kva som då skjer. Hjelmeland blir det aller nordlegaste av Nordre Strand. Dei styrande på Jørpeland har i alle år sett på alt som ligg nord for Hola Eika på Nag som ein koloni. Der kryr det av boblande misnøye og bygdalister av alle slag.

Eg har ein svoger frå Tau. Han har jobba på Jørpeland i heile sitt vaksne liv. Kona hans er frå Jørpeland. Han blir aldri godtatt i Ryfylke-byen for det. Han bur jo nord for den Hola Eika.

Det er diverre stor fare for at politikarar og kommune-tilsette på Hjelmeland fell for denne Stranda-kurtisen.

Mange av dei som eg kjenner i Jøsenfjorden er sjokkert over det som skjer på Hjelmeland. Dei vurderer å hoppa over til Suldal og bli med i ein storkommune som kjem til å omfatta det meste av Nord-Rogaland og Sunnhordland. Kommunesenteret i denne gigantkommunen blir Ølen. Så frustrerte er dei blitt der.

Viss det skjer. Vips. Då er det slutt på kraftpengane som har strøymt inn i kommunekassen på Hjelmeland gjennom alle år. Og det er desse pengane jørpelandsbuane er ute etter.

Eg seier ikkje meir.

Skaff deg Strandbuen og les sjøl!










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar