mandag 4. mai 2015

Nå ventar eg på potet-fiaskoen

Sigvart nabo hjelpte meg med potetene.
                                               

Poteter er enkle greier. Du går i potetkjellaren og finn fram ein passeleg mengde fjorgamle vekster med groer på. Dei puttar du i jorda. Til hausten grev du opp ein mengde nye, friske poteter. Omtrent ti gonger så mange som du sette om våren. Slik var det på Laugaland i min barndom. Trudde eg.

Min tidlegare Aftenblad-kollega, Margunn Ueland, skriv for tida om hagen sin i Aftenbladet. Ho er seriøs. Eg har ikkje tenkt å gå henne i næringa. Planen min var å setja littegrann poteter i hagen. Det skal vera godt mot ugras. Ferdig med det. Det er slett ikkje sikkert eg kjem til å skriva meir om dette forsøket.

Naboen min hadde lova å hjelpa meg i dag. Tidlegare har han sagt at eg kunne få 10-11 settepoteter av han. Det var ikkje så mange, tykte eg. Eg reiste til Hillevåg og kjøpte ein pose med settepoteter. Dei var godkjende og sertifiserte, sto det på posen. Dermed var eg sikker på godt resultat. Nå tvilar på eg det meste.

Trøstens ord til ein som tar lett på livet.
                       
Som lova stilte naboen for å visa meg litt om praktisk potetdyrking. Han har fått seg ei ny interesse på sin gamle dagar. - I fjor sommar lærte eg meir om potetproduksjon enn i heile min barndom på gardsbruk i Etne, sa han i går.

I dag viste han meg koss djupt potetene skulle ned i jorda. Han var svært forundra over at det ikkje var eit navn på potetene på posen. Som god nabo spadde han alle hålene og sørga for at det kom passeleg med jord over potetene. På posen sto det at det skulle vera 10 centimeter jord over dei. Det tykte eg var lite. Hadde eg fått styra, hadde dei vore mykje lenger nede i jorda nå.

Då naboen og eg var ferdig med potet-onna, sette  me oss til å lesa på posen. Eg les alltid bruksanvisningar på feil tidspunkt.

- Legg potetene til lysgroing 4-6 uker før setting, sto det med kvite bokstavar. Nedtur.

Skal vera glad om eg får settepotetene igjen! Spørst om dei spirer langt nede i molda.

Ein ting veit eg forresten at er rett. Tidspunktet for setting. Foreldra mine hadde bryllupsdag 8. mai. Då sette me alltid potetene.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar