tirsdag 14. april 2015

Hold kjeft. Eg kjører. Du er passasjer!

Kona mi, smilande og blid, som sporveissjåfør i 1974.
Alle trur at ho smiler konstant,men eg veit betre.

Før trudde eg at Norge var eit fritt land. Der alle kunne seia si meining utan å bli straffa for det. Men det var før eg fekk forbod mot å kjøra bil. Nå veit eg betre. Tidlegare var eg ein av verdens beste sjåførar. Nå er eg redusert til passasjer med taushetsplikt eller teieplikt som det heiter på nynorsk.

Fram til fredag 13.mars var eg konge på haugen og kjørte
 flybuss.
- Eitt ord til nå, så kan du gå heim, seier den kvinnelege sjåføren. Ho skal ikkje ha surmaga kritikk frå sidemannen.

Høyt at flyve, dypt at falde, blir det sagt. Fredag 13. mars kjørte eg feiande flott flybuss mellom byen og flyplassen på Sola. Den nyaste og lengste Volvoen som går i denne flytrafikken. Eg følte meg som konge på haugen frå klokka fem om morgonen til eg avløysing rett over 11.

Fredagen etterpå blei et utskreven frå sjukehus med kjøreforbud fram til 15. juni. Fast passasjer. Og endå verre: Framtida som flybuss-sjåfør hang plutseleg i ein tynn tråd.

Kånå mi har hatt førarkort lengre enn meg. Me har begge kjørt buss både i Bergen og Stavanger. Likevel kan eg ikkje nekta for at privatbilen er det eg som har kjørt for det meste når me har vore ute på tur saman. Men sidedama har alltid oppført seg som ein co-pilot. Ho sagt frå om både det eine og andre.

- Hallo. Fartsgrensa er 50 her, kunne ho for eksempel få seg til å seia.

- Eg kjører i 50, svara eg.

- Pøh! Du ligg over 70, kontra ho utan å bli kasta ut av bilen på grunn av utidig innblanding i kjøringa. Tvertimot. - Du kan kjøra viss du vil, har eg sagt.

Turen heim frå sjukehuset var heilt udramatisk. Helga passerte også i harmoni sjøl om den nye bilsjefen meinte det var heilt idiotisk å kjøra i veg på søndagskvelden for å kjøpa billig bensin slik alle skikkelege mannfolk gjer. Meiningslaust å anstrenga seg slik for ein 20-kroning, etter hennar syn.

Den store konfrontasjonen kom mandag føremiddag. Det var ein ting ved den kvinnelege kjørestilen som irriterte meg og som er tok opp.

- Når du kjører i ei gate med fartshumpar, bremser du opp før humpen og gir gass når du er over, for så å bremsa igjen før neste hump. Meininga er at du skal halda jamn fart i slike humpegater, sa eg.

Der dreit eg meg ut. Viss eg skulle skyssast vidare, skulle eg halda kjeft. Ellers kunne eg ta drosje eller buss viss eg skulle nokon plass.


Mitt første førarkort i 1969.

Nå tier eg i bilen.

På sjukehuset sa dei at eg ikkje hadde lov å kjøra bil på tre månader. Det var opp til fastlegen å bestemma når eg kunne setja meg bak rattet igjen. Fastlegen sa at hovudregelen er at slagpasientar får kjøreforbud eit heilt år. Det skulle tatt seg ut! Eit år.

Ikkje anna råd enn å gjera seg til venn med fastlegen. På fredag skal gå til byen og kjøpa ein presang til han:

Ei flaska whisky. Johnny Walker.








 
 

1 kommentar:

  1. Nå forstår du vel koffer de fleste damene sette seg på høyra sidå i bilen. Møje å se på, møje kjekkare. Bare slapp av å nyd det!

    SvarSlett