fredag 10. april 2015

Heilt harry å dra på guttatur til England!

  Her kunne spreke, norske mannfolk sprunge rundt i frisk
    norsk natur. I staden stenger dei seg inne på mørke pubar
 i England. Kan du forstå det?
Eg var heldig som fekk slag. Viss ikkje, hadde eg vore i England på guttatur nå. Akkurat nå hadde me nok alt vore i full sving i ein mørk og støyande pub. Drukke diverse pintar og utveksla dei same vitsane som i fjor. Ritualet har vore det same i over 20 år. Kan det på fingrane.

 I staden kan eg sitja her og kosa meg med pc-en. Trena opp stive fingrar og gleda meg over alle pengane eg sparer på å vera her heime i steinrøysa. I dag fekk eg brev frå både fastlegen og sjukehuset. Av naboen har eg lånt latinsk ordbok. I løpet av helga, medan svirebrørne mine rører rundt i utlandet, skal eg kosa meg med å finna ut kva cerebralt insult tyder på godt norsk.

Flyskrekk er noko dritt. Det har plaga meg i mange år.  I vekevis før desse turane har eg gått rundt og grua meg. Og vel framme i UK, er det bare til å begynna og grua seg til returen.

I England er det eit lag som heiter Manchester United. Ein mengde guttungar, i alle aldrar, kjem reisande  frå Nord-Irland, Norge og andre slags land for å heia på United. - Berre turistar heiar på United. Folk frå byen er City-folk. City betyr jo by, har eg sagt av og til berre for å piska opp stemningen. Eg er interessert i engelsk fotball, men har ingen favoritt-lag. Det er slitande nok å halda med Bryne her i Norge.

Apropos slit. Har du vore på såkalla crowded pub før ein større engelsk fotballkamp? Sild i tønne har du høyrt om. På ein crowded pub er det eit par nummer trangare. Du må stå og halda halvliteren rett opp på strak arm. Det røyner på å stå slik i ein time. Spesielt ville det blitt tungt når du ikkje kan bruka venstrehanda til å halda ølet høgt opp i lufta..

Vaksne, norske mannfolk brukar tusenvis av kroner på å få med seg slike opplevingar. Tenk å vera i Manchester før ein hatkamp mot Liverpool og denne tette massen av mannfolk syng av full hals med alt det volum dei har: - Merseyside is full av shit! Vakkert er det ikkje. Men eg må vedgå at eg har flirt litt ved slike anledningar.

I tillegg har du problemet med venstrekjøring. Ein gong i Manchester såg eg feil veg, gjekk ut i gata og blei påkjørt. Eg blei kasta 50 meter bortover i gata og blei liggjande i ein haug der. Livlaus. Heile sentrum i Manchester var fullt  av blinkande blålys. Eg kom til meg sjølv inne i ein sjukebil der to menn i uniform dreiv og surra meg fast på ei båre.

Ein av kompisane mine var med i sjukebilen til hospitalet. Etter ein lege-sjekk der, blei eg utskreven derifra. Einaste skaden eg fekk, var ein saftig blåveis. Ledsagaren min hadde tjuvkikka i journalen min der følgande var notert: - He speaks very little English! Dette har denne vennen min sitert på i tid og utid i alle år etterpå. Du treng ikkje fiendar med slike venner.

Eg meiner bestemt at han som kjørte på meg stadig sit bak lås og slå på andre sida av Nordsjøen. Heldigvis blei det ikkje særleg oppstuss om dette i media. Det skjedde same helga som amerikanarane tok Saddam Hussein i Irak. Dette overskygga alt anna.

Seinare turar har også hatt sine særtrekk. Men av mindre dramatisk karakter. Trygt og godt å vera heime med andre ord.

(OBS: Eg berre tullar. Det er kjempedumt at eg ikkje kunne vera med til England. Hadde gleda meg i månadsvis. Heia City!)






1 kommentar:

  1. Galgenhumor kan ver godt å ha. Du e løyen. Good luck!

    SvarSlett