mandag 28. januar 2019

Stavanger-taxi havna i veglaus grend!

Frå Aftenbladet fredag 13. juni 1980.


HÆ! Ein seks-seters Mercedes! Ikkje langt frå at heile bygda kunne få plass i bilen. Men, det store problemet: Her var det ingen veg å kjøra bil på.

Taxien kom med rutebåten ein dag i 1970-åra og blei sett i land på den vesle rutebåt-kaien i den veglause Mollatveit-grenda ved Saudafjorden.

Koss lenge blei bilen ståande på kaien? Eg veit ikkje. Men det blei nå ei stund før Anders Mollatveit fekk tid og stunder til å humpa seg nedover kjerrevegen til kaien med traktoren. Saman med broren Jakob fekk han buksert den gamle taxien opp til tunet på Mollatveit.

Anders Mollatveit bak rattet. Foto: NRK.
Koss i all verda kunne dette ha seg? Dei to gamle ungkarane, begge ein stad i 70-åra, hadde ikkje førarkort og hadde aldri kjørt bil.

Grunnen til at dei enda opp med ein Mercedes 190 D frå 1962: Søster deira, Sigrid, var gift med Sigurd Handegård frå Stavanger. Han var drosjeeigar og kjøpte denne bilen i 1962. Den fekk registreringsnummer L 706. Då han døde, var det slutt for bilen hans som drosje også. Det naturlege var vel at enka selde bilen i Stavanger og blei kvitt den viss ho ikkje hadde bruk for den.

Men Anders drog til byen og fekk kjøpt bilen av systera. Den blei kjørt på kaien og sett på båten til Mollatveit i Saudafjorden.

Fredag 13. juni 1980 slo Aftenbladet til med denne overskrifta: FYRSTE FØRARKORTET FOR AKTIV 75-ÅRING.

- Kvar og ein har førarkort, så kvifor ikkje eg, spør Anders Mollatveit. To dagar før hadde han kjørt opp i Sauda og fått førarkortet utlevert av den bilsakkyndige som hadde vore med han på oppkjøring.

Sidan Anders var gått over 70 år, måtte han søka til Vegdirektoratet om dispensasjon for å få ta førarkort. Han måtte venta i nesten eit år før han fekk svar og han kjørte opp rett før fristen for å kjøra opp, gjekk ut.

Journalist Leif Amund Håland hadde kjørt utover fylkesvegen i retning mot Vanvik, parkert bilen og teke seg ned stien til Mollatveit. Her traff han den ferske sjåføren og broren Jakob og tok bildet av dei med bilen, som var fullt brukbar dersom dei fekk reparert clutchen. Anders hadde øvelseskjørt ein del på eiga hand ute på garden. Hjulspora rundt husa fortalde sitt om det. Øvinga hadde røynt hardt på clutchen.

Denne bilen hadde Anders Mollatveit då han havna i fjernsynet. Foto: NRK.


Nå blei det nye tider for dei to brørne. Viss dei fekk bilen ned på kaien igjen og frakta den til Sauda, kunne dei kjøra bil slik andre folk gjorde. Rett nok måtte dei ha bilen ståande oppe ved fylkesvegen, men det ville vera enklare enn å ta rutebåten ein gong i veka til Sauda.

Anders var bileigar og hadde fått førarkort, men Mercdesen blei ikkje Mollatveit-bilen.

Sommaren 1981 sette 17-årige Rolf Arild Ljung seg på motorsykkelen og kjørte ut i retning mot Mollatveit. Han lurte på om den gamle taxien var til salgs.

- Eg gløymer aldri den dagen eg gjekk ned stien til Anders og Jakob, seier Rolf Arild Ljung. Han var på jakt etter ein ungdomsbil. Mercedesen med plass til seks ungdommar ville vera midt i blinken.

Unge Ljung fekk kjøpa bilen for 4000 kroner. Anders hjelpte til med traktoren for å få transportert den gamle drosjebilen ned på kaien igjen.

Eit par dagar etterpå kom lastebåten «Fjordlast» innom Mollatveit og løfta bilen om bord med kranen. Ein snau time seinar var Mercedesen framme i Sauda.

Rolf Arild Ljung fekk hjelp av faren, Reidar til å setja bilen i stand. Det var ein del rust på understellet. Reidar sveiste, skifta olje på motoren og justerte ventilane. Nå var den gamle drosjebilen i stand til å tåla eit nytt liv som ungdomsbil. Mercedesen var grå då den kom til Sauda. Nå blei den til og med lakkert. Au, eg gløymde å spørja kva farge dei valde!

Då den elegante ungdomsbilen rulla rundt i dei få gatene på byn i Sauda, hadde den ikkje det gamle drosjenummeret L 706 frå Stavanger lenger.

 - Eg trur det nye nummeret var RE 59081, men eg er ikkje heilt sikker, seier Rolf Arild Ljung som hadde bilen i mange år. Men han er ikkje i stand til å skaffa meg eit einaste bilde av ungdomsbilen sin. Viss nokon kan hjelpa meg med eit bildet, ville det fiffa opp denne bloggen betydeleg.

Ungdommen varer ikkje evig i Sauda heller. Til slutt selde Ljung bilen til Hallvard Kvaløy frå Sauda. Han hadde også glede av bilen i fleire år.

Men så selde Kvaløyen til ein mann som visstnok budde i Sigdal. Han skal ha restaurert bilen som nå er like flott som den er ny. Hallvar Kvaløy kunne ikkje hjelpa meg med navnet på kjøparen. Der står saka i dag.

Ein ting er sikkert. Eg gjer meg ikkje før heile historien om Stavanger-taxien som havna på Mollatveit er ferdig skriven. Bloggen kjem til å bli oppdatert når eg har meir.

Anders Mollatveit kvitta seg med den gamle Mercedesen. Han satsa på meir moderne modellar som høvde betre for kjøring på vegar slik dei hadde i grisgrendte strøk i indre Ryfylke. Fire-hjulstrekk var det godt å ha på slike stader.

Då NRK laga reportasje om dei mangfoldige Mollatveit-brørne på 1990-talet, fortalde Anders at han hadde hatt fleire bilar. Eg har henta bilda av Anders bak rattet og bilen hans frå dette programmet.

Dei to brørne blei gamle. Anders døde i 1999, 93 og eit halvt år gammal. Jakob var 102 år då han døde i januar 2003.

EXTRA! MOLLA-MERCEDESEN ER NÅ LOKALISERT!

Takka vera hjelp frå lesarar av bloggen er nåverande eigar av den gamle Stavanger-taxien som var innom på Mollatveit i fleire år, nå lokalisert.

Eigaren heiter Trygve Nilsen og bur i Sigdal.

- Eg kjøpte bilen av Hallvard Kvaløy frå Sauda i 1997 eller 1998. På den tida jobba eg på anlegg på Kårstø. Den var i brukbar stand og eg kjørte den heim til Sigdal.

- Og nå er den restaurert?

- Nei. Eg har ikkje fåttt tid til å gjera noko med den. For tida har eg 80 gamle bilar ståande. Viss nokon vil kjøpa den, er eg klar for salg.

- Kan den leverast her og nå?

- Akkurat nå er den nedsnødd. Men når det vårast, kan eg levera den.

- Er den i kjørbar stand?

- For seks-sju år sidan var det folk og såg på den. Dei brukte start-kablar og fekk motoren i gang. Om det er like lett i dag, veit eg ikkje, seier Trygve Nilssen.


Viss du vil sjå NRK-programmet om Mollatveit-brørne kan du klikka det inn på denne linken:


https://www.nrk.no/video/PS*158940


Heile reportasjen som Leif Amund Håland laga i Aftenbladet i juni 1980.













1 kommentar: