tirsdag 15. januar 2019

Sjåføren som nekta å bli fjordabåt-matros

Arne Larsson nekta å bli matros. Seinare  kjøpte
han skyssbåt og gjekk med skuleelevar til og
frå Hjelmeland i mange år etter krigen.
Bilde: Leif Sirevåg.


- Eg vil vera sjåfør, ikkje fjordabåt-matros. Kjem ikkje på tale å byta jobb.

Arne Larsson sto på sitt. Han budde på Hjelmeland og hadde fått jobb av Jøsenfjord-selskapet som sjåfør på drosjebilane som selskapet hadde i Hjelmeland og Årdal nokre år på 1930-talet.

Rutebåtselskapet ville sikra seg kontrollen over bussrutene i distriktet. Dermed kjøpte dei bussane og gav busseigarane jobbar som bussjåførar i selskapet.

Andres Laugaland kjørte bussruta frå Vormedalen til Hjelmeland. Ragnar Larsen var sjåfør på ruta mellom Hjelmeland og Årdal.

Reo-bussen som Jøsenfjord-selskapet sette inn i Vormedalsruta. Fast sjåfør var Andres Laugaland. Broren, Johan,
blei brukt som reservesjåfør. Bildet er tatt i Stavanger.

Med på kjøpet fekk dei ein del drosjebilar som dei også hadde i drift i eit par-tre år. Arne Larsson fekk jobb som drosjesjåfør. Han kjørte også buss når dei faste sjåførane skulle ha fri.

 Drosje-drifta kasta lite av seg. Jøsenfjord-selskapet kvitta seg med bilane. Dermed var det ikkje bruk for sjåføren. Arne Larsson blei beordra om bord i båtane som matros. Han nekta og blei oppsagt.

Då reiste Arne Larsson til Stavanger og gjekk til advokat Kluge. Dermed blei det rettssak mot Jøsenfjord-selskapet. Saka gjekk både for heradsrett og lagmannsrett og blei referert grundig i Aftenbladet. Her er Arne Larsson omtalt som Arne Larsen, men det er ikkje tvil om at dette er same mannen,

Johannes Laugaland. Ein mektig mann
i Vormedalen, sa advokat Kluge.
I retten påpeika advokat Kluge at Jøsenfjord-selskapet hadde misligholdt kontrakten med Larson på eit viktig punkt frå fyrste dag. Han skulle brukast som reservesjåfør. Men i Vormedalsruta der blei bror til Andres Laugaland (Johan – far min) brukt som vikar.

Vidare står det i rettsreferatet: Det kan her nevnes at far til Andres Laugaland, hr. Johannes Laugaland, er en mektig mann i Vormedalen og at han er styremedlem i Jøsenfjord-selskapet. Arne Larsen er forbigått ved flere anledninger.

Johannes Laugaland var bestefaren min. I minst 30 år var han med i styret for Jøsenfjord-selskapet. Han var også ordførar i Hjelmeland i mange år. Advokaten hadde nok rett i at han var mektig i si tid.

Då Andreas Egeland fekk jobben som sjåfør i Årdal i 1936, var dette også gjort i strid med kontrakten som Jøsenfjord-selskapet hadde med Arne Larsson, hevda advokaten hans. Årdal heradstyre var nok også interessert i at det var ein mann frå Årdal som fekk jobben. Då fekk Årdal kommune skatten som han betalte, meinte advokaten.

Frå Aftenbladet 20. januar 1939.

Arne Larsson vann fram i retten. Våren 1938 dømde Ryfylke herredsrett Jøsenfjord-selskapet til å betala 8000 kroner i skadebot og 1100 kroner i saksomkostningar. Denne dommen blei anka til lagmannsretten. Her slapp Jøsenfjord-selskapet unna saksomkostningane, men Arne Larson fekk 8000 kroner i skadebot her også.

I dag hugsar vel dei fleste Arne Larsson som eigaren av skuleskyss-båten «Hjelmen» som frakta skule-elevane frå Randøy, Ombo og Jøsneset til Hjelmeland i 1960-åra. At han hadde ei fortid som drosje-sjåfør var vel gått i gløymeboka for dei fleste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar