torsdag 3. januar 2019

Då «Solbakk» bråstoppa ved Kuneset

«Solbakk» gjekk truleg på feil side av staken til høgre i den tjukke skodda. Foto:
Fredrik Refvem.  


På veg frå Nord-Hidle til Helgøy i Sjernarøyane gjorde ferja «Solbakk» ein bråstopp tidleg på morgonen fredag 1. desember 1995. Ferja var kommen litt ut av kurs i den tjukke skodda på veg inn til ferjestøa på Helgøy og gjekk på grunn. Den tidlegare Tau-ferja sette seg skikkeleg fast på grunnen ved Kuneset. 

Då skodda letta og dagslyset kom, kunne ein sjå «Solbakk» stå langt oppe på grunnen. Aftenbladet hadde sendt eit reportasjeteam til Sjernarøyane, journalist Jarle Natland og fotograf Fredrik Refvem. Dei fekk breia seg i avisa neste dag både med tekst og spektakulære bilde.

Grunnstøytinga til «Solbakk» blei fyrsteside-stoff i Aftenbladet. 

- Me høyrde nokon voldsomme, kvasse smell og merka at ferja rista då me gjekk på grunn, fortalde Jarl Hidle til Aftenbladet. Han var passasjer på turen.

Det var tre passasjerar, tre bilar og eit mannskap på fem om bord då «Solbakk» gjekk på grunn. Ingen blei skadde i uhellet. Passasjerane blei frakta vidare med hurtigbåt etterpå.

Ein froskemann var i sjøen og undersøkte ferjeskroget under vatn. Skadene hadde ikkje medført lekkasjar.

Årsaka til grunnstøytinga sto det aldri noko om i avisa i dagane etterpå. Men det blei på vanleg måte teke promilleprøvar av ferje-mannskapet. Desse prøvene var negative. Viss det var sjøforklaring seinare, er den ikkje omtalt i avisa. Truleg har dei ansvarlege på brua komme litt ut av kurs av ein eller annan grunn og dermed blei hendinga ført på kontoen for hendelege uhell.

Slepebåten «Bison» greidde ikkje «Solbakk» åleine. Fyrst då det kom ein slepebåt til, greidde dei å få ferja av skjeret.
Foto: Fredrik Refvem. 

Ferja sto så godt fast at det måtte to taubåtar til for å få ferja av grunnen. Nærare 100 tonns slepekraft måtte til for å komma laust.

Dykkar Lars Bjarte Hakestad blir hjelpt om
bord i slepebåten av Ragnar Egeland og
Harald Klinge.
Aftenbladet gjer i artikkelen om grunnstøytinga også grundig greie for arbeidet med å få ferjerutene til å gå omtrent som det sto i rutetabellane. 

For Rogaland Trafikkselskap (RT), som var navnet på ferjeselskapet på den tida, var dette eit heilt puslespel å styra ferjemateriellet på plass i fjordane. 

Ferja «Lysefjord» (tidlegare «Rennesøy») erstatta «Solbakk» i det nordlege Midtsambandet etter uhellet. Dette førte til forsinkelsar på opp mot ein time denne dagen.  Neste dag skulle ferja «Frafjord» inn som erstattar for «Solbakk» som måtte i dokk i Stavanger.

Eg greidde ikkje å finna ut koss lenge det gjekk før «Solbakk» var tilbake i ruta si igjen. Dette var fem år før denne ferja blei seldt til Bjørklids ferjerederi i Troms og skifta navn til «Stallovarre».

I dag er det over 23 år sidan denne hendinga. På den tida var det tre år sidan Rennfast blei teken i bruk. Skulle du til Finnøy med bil, kjørte du Rennfast og vidare over Rennesøy til Hanasand og tok ferja til Finnøy. Finnfast som gjorde vegen ferjefri til Talgje og Finnøy, blei åpna i 2009.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar