tirsdag 8. januar 2019

Farbror Andres dreiv fyrste bussruta i Hjelmeland

Andres Laugaland kjøpte buss og starta rutekjøring i 1931. Dette var fyrste
bussruta i denne delen av Ryfylke. Her står han til venstre framfor bussen
i Tøtlandsvik. Foto: Ryfylkemuseet.

Då Andres Laugaland drog til byen og kjøpte seg buss i 1931, hadde han ein plan. Han skulle starta bussrute som skulle gå mellom Tøtlandsvik og Hjelmeland. Folk langs vegen frå Vormedalen til Hjelmeland ville komma mykje raskare til byen dersom dei blei frakta til Hjelmelandsvågen for å ta rutebåten.Tidlegare hadde folk frå Vormedalen teke seg ned til Tøtlandsvik og reist med båten derifrå.

 Forresten var han alt i full gang med leigekjøring. Den eldste broren, Jone, hadde kjøpt ein personbil i 1926. Denne bilen blei brukt som drosjebil og etter ei tid overteken av Andres som nokre år seinare tok det store spranget og starta bussrute i 1931.

Bussen var ein Ford som var kjøpt hos Eltervåg i Stavanger. Denne bussruta var den fyrste i denne delen av Ryfylke. Det fantes ikkje bussruter i Strand så tidleg.

Andres Laugaland var ein eldre bror av far min. Farbror Andres dreiv rutekjøringa i fleire år for eigen rekning og risiko.

I mine yngre dagar tenkte eg aldri på å setja meg ned med onkelen min og spørja han ut om hans karriere som busspioner i Ryfylke.

Barneforeningen i Vormedalen  på busstur til Svadberg i Årdal. Busseigaren sit inne i bussen. Kvinna med svart hatt
midt i bildet er Ane Laugaland. Ho var ein av leiarane i foreningen. Ane kom frå Svadberg i Årdal og blei gift til
Laugaland. Bildet tilhøyrer Nils Viga Hausken. 

Njål Tjeltveit derimot, han drog til Laugaland og spurte ut farbror Andres om tida då han dreiv bussrute.

 Resten av denne bloggen har eg henta frå boka «Med båt og buss. Ruteferdsla i Austre Ryfylke», som Njål Tjeltveit gav ut i 1988. Der fekk også bussdrifta til og frå Vormedalen fleire sider: 


Andres Laugaland tilpassa rutene sine til rutebåtane på Hjelmeland, slik at folk hadde høve å reisa til byen om morgonen og komma heimatt om kvelden. Sommarstid gjekk det ruter mellom Vormedalen og Hjelmeland mest dagleg, vinterstid sjeldnare.

 Frå Jøsenfjord Ruteselskap kom det aldri negative ytringar for di folk slutta å følgja båt frå Tøtlandsvik, slik dei hadde gjort før, og no ikkje kom på båten før på Hjelmeland. Men Magnus Kalheim i A/S Jøsenfjord ytra klare ønske om at bilruta måtte korrespondera med dette selskapet sine båtar på Hjelmeland og ikkje DSD-båtane, og Andres Laugaland passa på å samordna bilrutene med Jøsenfjord-båtane sine ruter.

Bussruta blei teken med i ruteheftet til Jøsenfjord-selskapet.


 For folk på Fjellet og elles langs ruta mellom Vormedalen og Hjelmeland var bussruta eit stort framsteg. Få hadde bil, og mange reiste med bussen. Om søndagskveldane kunne ei heller stor busslast bli sett av på Hjelmelandskaien før  «Fisterfjord» var ventande. Då hadde bussen ofte med det doble av det fastsette passasjertalet på ti.

Bussen transporterte ein del varer, mellom anna kalvar. Både folk og levande kalvar reiste i same vogna, og det hende det rann frå kalvane og fram i bussen. På Fjellet henta folk mykje skogsbær og selde om haustane, og ein gong hadde Andres Laugaland med heile 250 bær-korger. Frakta var 5 øre pr korg.

 Passasjertaksten første tida var 75 øre mellom Laugaland og Hjelmeland. I minstetakst kravde Andres Laugaland 25 øre, og det måtte folk ut med om dei følgde frå Laugaland til Tøtlandsvik.

 Billettar hadde Andres Laugaland ikkje, han talde opp pengane han fekk inn på kvar tur og gjorde rekneskapen opp på denne måten. Lukrativt var det ikkje å driva privat bussrute, men med ei viss varsemd gjekk det tolleg bra. Andres Laugaland køyrde og drosje i tillegg til bussrute.

Drosjebilen til Andres Laugaland.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar