torsdag 10. januar 2019

Nå kjører kinesarane bussruta til farbror Andres

Jøsenfjord-selskapet kjøpte ny buss då dei overtok bussruta til farbror
Andres. Her har bussen levert passasjerar til rutebåten på kaien i
Hjelmelandsvågen. Foto: Ryfylkemuseet. 

Farbror Andres på Laugaland kjøpte seg buss og starta bussrute mellom Vormedalen og Hjelmeland i 1931. Fire år seinare selde han bussen og ruta til Jøsenfjord-selskapet og fekk jobben som sjåfør på same ruta. I dag er det kinesarar som eig bussen som går til Vormedalen.

Sjølv om farbror Andres starta den fyrste bussruta i denne delen av Ryfylke, kjørte han ikkje buss så mange år. Ei uventa hending endra planane. Andres blei bonde på Laugaland. Eldste broren, odelsgutten Jone, døydde av tuberkolose då han var 30 år gammal. Som den nest-eldste gutten på garden var det plutseleg han som kunne få overta garden.

Farbror Andres og bussen hans blei
oppkjøpt av Jøsenfjord-selskapet
Til Njål Tjeltveit fortalde han kva som så skjedde. Dette står skrive i boka «Med båt og buss. Ruteferdsla i Austre Ryfylke» som kom i 1988.

"Ein søndag han følgde båten til Årdal og kom i drøs med styremannen, nemde Laugaland på at han tenkte på å slutta med bilruta. Straks gjekk det melding til Magnus Kalheim i A/S Jøsenfjord, og Andres Laugaland fekk spørsmål om han ville selja til båtselskapet.

Magnus Kalheim frykta truleg at Det Stavangerske Dampskibsselskab og interesserte seg for bilruta, og Jøsenfjord Ruteselskap kunne missa den gode kontakten med bilruta til Vormedalen og dei fordelar dette hadde for selskapet.

Andres Laugaland gjekk med på at Jøsenfjord Ruteselskap skulle kjøpa bilruta hans, og sidan blei det kontakt med Ragnar Larsen og A/S Jøsenfjord om å ta over ruta hans også. Ragnar Larsen dreiv bilrute mellom Hjelmeland og Årdal.

A/S Jøsenfjord overtok bilrutene i Hjelmeland frå 1 november 1935. Både bussar og rettar gjekk til båtselskapet som frå no av også dreiv landtrafikk. Ragnar Larsen og Andres Laugaland heldt fram som sjåførar i rutene sine. No kom det også nytt bussmateriell."

I 1938 slutta farbror Andres som sjåfør og blei bonde. Han overlet sjåfør-jobben til sin yngre bror, Johan, som var far min. I fleire år hadde far vore med som vikarsjåfør både på bussen og drosjen som farbror Andres hadde på den tida. Bussjåførane hadde same hyra som styrmennene på Jøsenfjord-båtane.

Busseigaren dreiv drosjekjøring også. Far min, Johan Laugaland, bakerste, kjørte både drosje og buss når den eldre
broren var oppteken med andre gjeremål. Mannen på støtfangaren er Bernhard Laugaland.

Heilt fram til far min var pensjonist i 1983, kjørte han buss mellom Laugaland, Hjelmeland, Fister, Årdal og Tau.

Jøsenfjord Ruteselskap fekk ikkje vera aleine om å driva bussruter i Hjelmeland og Strand. Det Stavangerske Dampskibsselskab hadde også båtruter både på Tau og Hjelmeland. Jøsenfjord-selskapet og Stavangerske blei enige om å samarbeida om bussdrifta. I 1940 stifta dei Ryfylkeveiens Billag (RVB) som eksisterte fram til 1985. Då blei RVB oppkjøpt av Østerhus Bilruter (ØB) i Strand.

På 1990-talet kjøpte Stavangerske opp ØB og Høle og Forsand Billag. Dette forsvann så etterkvart inn i Stavanger og Omegn trafikkselskap (SOT). I 1999 blei SOT seldt til det franske selskapet som etterkvart fekk navnet Connex. Frå 2006 var navnet Veolia. I 2011 var det nytt eigarskifte. Boreal Transport blei ny eigar. Ein del av dei norske sjefane kom inn som aksje-eigarar her, men aksjemajoriteten hadde eit pensjonsfond i Luxembourg.

I 2018 var det eit kinesisk selskap som kjøpte Boreal. Kinesarane høyrer til i Hong Kong, men selskapet er registrert i eit skatteparadis,

Me som kjem frå Laugaland, har berre minna igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar