onsdag 23. januar 2019

Med støvlar, stakk og ryggsekk då «Stordøy» kom til Molla

Med ryggsekk, stakk og støvlar på Mollatveit-kaien. 

Eit hiv med mjølsekker landar på kaien. Eit lass med byggemateriale er alt løfta i land.  Kaien på Mollatveit låg fredeleg for seg sjøl i haustsola til «Stordøy» kom grønmalt og brummande frå Sauda. Det er liv og røre på kaien dei minutta som er nødvendig for å få lasta på land.

Eg let meg fortapa av å studera bildet som sto på fyrstesida på Aftenbladet 22. september 1973. Journalist Einar Hauge Nilsen er på reportasjetur med «Stordøy»  som går i lasterute for Stavangerske mellom Sauda og Stavanger. - Byggematerial blir lossa på Mollatveit, ei veglaus grend ved Saudafjorden, står det i bildeteksten. ikkje meir enn det.

Men kven er kvinna med støvlar, stakk og ryggsekk? Og ka med karane som tek mot varene på kaien. Eg har aldri sett mine bein på land på Mollatveit, men eg måtte finna ut meir om desse menneska. Du kan finna ut mykje når du har telefon.

«Stordøy» ved kaien på Mollatveit. Foto: Einar Hauge Nilsen.


Kvinna  med stakk og støvlar er 81-årige Barbro Mollatveit. Kvar gjer ho på kaien? Ho er nok kommen frå Sauda med «Stordøy» saman med sonen Sverre. Det er han som står med svart trøye og eit fast tak i rekka på lastebåten. I 1969 fekk Sverre jobb på e-verket i Sauda og  flytta saman med mora frå Mollatveit til ein leilighet i Sauda. Men dei reiste tilbake til Tveit så ofte dei kunne. Vel framme på den vesle kaien er det 25 minutt å gå opp til den tidlegare heimen.

Dei to karane som tek mot hivet, heiter Anders Mollatveit (med ryggen til) og Torgeir Molla. Anders er den eine av Mollatveit-brørne som blei landskjende etter at NRK laga eit lenger program om dei på 1990-talet. I 1980 tok den då 75 år gamle Anders førarkort og kjørte bil i åravis etterpå.

Wenche Foss

Torgeir Molla

Torgeir dreiv garden på Ytre Molla der deler av NRK-serien «Vestavind» blei spelt inn i 1993. Det blir fortalt at Molla-bonden blei så god kompis med skuespelar Wenche Foss at han fekk julakort frå henne i åravis etterpå.

Om bord i «Stordøy» ser du styrmann Sigurd Kleppa, med kvit hue, og matros Magne Dahl, med hjelm. Kleppa, opprinneleg frå Hjelmeland, var ein av fleire brør som alle seilte som matrosar eller styrmenn i Stavangerske. Magne Dahl er bonde i Erfjord i dag.

Hyttematerialen tilhøyrte truleg Birger Jakobsen frå Sauda. Han bygde på den tida hytte på berget litt utanom rutebåtkaien. Han var berre ein av fleire saudabuar som skaffa seg hytte her ute ved fjorden. Etter at eg la ut bloggen, har eg fått reaksjoner på opplysningane om byggematerialene:
Materialene skal til Naustli. Mine foreldre hadde akkurat overtatt hytta der, og fikk materialer sendt med Stordøy fra H. Øgreid i Stavanger, skriv Erna Abotnes. Då er det notert.


«Hylsfjord» fast gjest på Mollatveit kvar laurdag.
Båtane som ligg innanom kaien tilhøyrer oppsitjarane i bygda. Den som ligg nærast, tilhøyrer Anders Mollatveit, Den neste er «Tveiten» til Sverre Mollatveit. Den siste er «Hauken» til Torgeir Mollatveit.

Fleire av bøndene i bygda hadde kyr. Dei kinna smør av mjølka. Kvar laurdag kom rutebåten «Hylsfjord» innom på veg til og frå Sauda. Med den sende dei smøret til meieriet i Sauda. Eg har til denne tid ikkje funne bilde av «Hylsfjord» ved kaien på Mollatveit. Hadde vore flott viss nokon kunne hjelpa meg med det.

Takk til Arnvid Lillehammer, Arvid Løvik og Geir Molla som har hjelpt meg med opplysningar slik at eg blei i stand til å skriva denne bloggen.

2 kommentarer:

  1. Materialene skal til Naustli. Mine foreldre hadde akkurat overtatt hytta der, og fikk materialer sendt med Stordøy fra H. Øgreid i Stavanger.

    SvarSlett
  2. Mange minner fra Mollatveit, siste gang båt med navnet Stordøy var til kai nov.1994 dagen etter EU-avstemning.Me kom fra Bergen og skulle henta ein RAPP motor fra 1915 som me hadde fått av Anders og Jakob.Stemningen var god på kjøkkenet den morgenen når 10kaffien bli inntatt.Det blei Nei.

    SvarSlett