torsdag 17. januar 2019

Far min nekta meg å bli buss-sjåfør!



Far min hadde sin siste arbeidsdag bak rattet sommaren 1983. Då var
nesten 70 år. Foto: Asgaut Næss.

- Nei. Du skal ikkje bli bussjåfør. Gå på skular og få deg ein skikkeleg jobb.

Far min var heilt klar. Eg skulle ikkje fylgja i hans hjulspor.

Han begynte å kjøra bil før han hadde fått førarkort. Broren hadde eigen rutebuss og drosje på Laugaland i Vormedalen. Dette var langt inni fjordane og lenge før krigen. Far min var i Hjelmelandsvågen på kjøreoppdrag utan førarkort både nå og då.

Men då lensmannen stoppa han og spurte om å få sjå sertifikatet, som dei sa i gamle dagar. Då drog han opp eit flunkande nytt førarkort or lommen. Alt var i orden. Tydelegvis i grevens tid,

Her ser du Chevrolet-bussen som far min kjørte i 1950-åra. Her på kaien på Hjelmeland ved sida av drosjebilen
til Ola Almenningen. Bildet tilhøyrer Stig Almenningen.

Han var fødd i 1913 og hadde mange år bak bussrattet då eg blei fødd i 1949. I 1950-åra kjørte han ein 18 seters Chevrolet-buss. Eg meiner bestemt at denne bussen hadde gått i Årdal i ein del år før den var sleten nok til å få base på Laugaland.

Her var det visstnok ein 85 hestars bensinmotor og to eksosrøyr. Det eine eksosrøyret gjekk under bussen. Det andre røyret gjekk under passasjerseta. Det innvendige røyret var stengt med ein endemutter om sommaren. Når det blei kaldt, blei det andre eksosrøyret stengt, slik at eksosrøyren som gjekk gjennom bussen under passasjer-seta kunne bli varm og tina opp kalde passasjerar.

- Det lukta vondt frå den varme røyren dei fyrste dagane. Mange inntørka snusklyser på røyren skulle brennast av før lukta gav seg, fortel Karluf Bråtveit. Som ung mann var han reservesjåfør for far min. Bråtveit flytta til Strand og etablerte seg etterkvart med eige bilverksted på Jørpeland.

I 1959 kom det ein ny buss til Laugaland. Ein gammal Mercedes turbuss med svær nase blei den faste rutebussen. Chevroleten blei reserve. Ein periode blei Chevroleten brukt som mjølkebil. Passasjerseta blei fjerna for å få plass til spanna.

Det sto ein reserve-motor til Chevroleten i bussgarasjen. Når bussmotoren begynte å fjuska, kom bilmekaniker Strand frå Thorleif Sunde i Stavanger og skifta motor. Så blei den utskifta motoren send til byen til overhaling.

Laugaland med bussen og garasjen i sentrum. Luftfotoet er pålagt fargar
som ikkje er korrekte. Bussen var grå. Garasjen også.


Det var ei skikkeleg landsens bussruta far min kjørte. Han transporterte folk, post, levande kalvar og kolonialvarer til folka som budde langs ruta. Parafinkanner hadde han nesten kvar dag i bagasjerommet. På Fjellet, mellom Hjelmeland og Vormedalen, fekk ikkje folk straum før utpå 1960-talet. Dei brukte parafin til lys og av og til for å tenna opp i vedaomnen

Når fjellbuane hadde fått has på ein rev, anten i felle eller med hagla, sto dei og venta med den daude reven når far min kom kjørande. Kan du ta den med til lensmannen? Far gjekk til lensmannen som klipte av ei tå på reven og betalte ut 100 kroner i skotpremie.

Sjåføren hadde allslags små og store oppdrag. Ei lita gul notisbok hadde han alltid liggjande på sida av seg i bussen. Der noterte han det som måtte ordnast.

Å vera med i bussen og springa ut med posten, aviser og brev, som skulle plasserast i postkassane langs ruta, var ein slags ekstrajobb som både meg og mine yngre brør fekk prøva. Og når far var i godt humør, og det ikkje var andre enn oss to i bussen, fekk eg stå på sida av han og styra Chevrolet-bussen. Karsligt!

fo
Alle guttane skulle kjøra store bilar når dei blei store. Frå venstre: Dag (5), Tore (8), Magne (9) og eg som var  sju år og skulle begynna på skulen. Faster Tulla, som me sa, har tatt bildet. Ho heitte Anna Johanna og dreiv poståpneri og
telefonstasjon på Laugaland. 


Koss trur du det gjekk med guttungane som vaks opp i eit slikt bil og bussmiljø? Kva trur du at dei ville bli når dei blei store?

Eg som måtta lova faren min at eg ikkje skulle bli buss-sjåfør, tok busslappen i 1970. Han hjelpte meg med opplæring, forresten. I studietida kjørte eg buss både i Bergen Sporvei og i Ryfylkeveiens Billag mellom Tau og Laugaland. Etter at pensjonerte meg etter 34 år som journalist i Aftenbladet, kjørte eg flybuss i Stavanger fram til i fjor.

Mine to yngre brør, Dag og Rolf, kjørte også buss i periodar i ungdommen. Kona mi, Berit, har også kjørt buss, både i Bergen og Stavanger. Den yngste sonen vår, Bjørn, er også med i historien. Han har kjørt buss både i Bergen, Oslo og Stavanger.

Mange av søskenbarna mine kjørte også buss og lastebil.


Jens Hausken, mitt eldste søskenbarn, kjørte buss i mange år.
Jens Hausken som var fødd i 1928 var det eldste søskenbarnet mitt. Han budde på Laugaland ein god del av barneåra og hadde to onklar som kjørte bil og buss. Kva trur du det blei av han? Han blei gardbrukar, men kjørte mjølkebil og buss ved sida av gardsdrifta det meste av si tid.

Johannes Laugaland kjørte fast rutebuss i fleire år etter at han leverte garden. Broren Magne kjørte godsrute både i Hjelmeland og Suldal i ein del år før han blei anleggsarbeidar på Ulla Førre. Og nabogutten Tore: Han sa frå seg garden og blei lastebilsjåfør, han også.

Viss det var noko me guttane på Laugaland hadde greie på, var det servo og turbo, mellomgass og dobbeltkløtsj. Og me kjørte mykje i direkten. Berre så du vett det!

Dette er fjerde og siste bloggen om bil og busshistorien til familien Laugaland!

1 kommentar:

  1. gallkjekt å lesa,,for en forhendverenes bussjåfør og lastebilsjåførmed tura både te laugaland og resten av ryfylke,,,

    SvarSlett