onsdag 16. januar 2019

Kronprins med forlovelsesring, skild brudgom og Farah Diba

Kongestoff av det spekulative slaget i RA 1. november 1960.

Er kronprins Harald på vei til London med forlovelsesring i lommen? Skal han forlova seg med prinsesse Sofia av Hellas?

Spørsmålet reiste Arbeiderparti-avisa på fyrstesida 1. november 1960. Kongestoff i RA, gjekk det an, spør du kanskje. Dei kulørte ukeblada hadde lang trykketid. Fjernsyn var ikkje å sjå i Rogaland. Behovet for kongestoff kunne avisene dermed dekka eit godt stykke på veg. Sjølv om det var nokså spekulative saker.

Kronprins Harald, staut ung mann i 1960.
Den 23 år gamle kronprinsen studerte i Oxford i England på denne tida. Kong Olav var i London på privat besøk. Ikkje nok med det. Prinsesse Sofia og mora, dronning Frederika og broren, kronprins Konstantin var også i London på privat besøk, skreiv RA.

Vidare står det å lesa: - Et forlydende i morgenavisen Daily Sketch går ut på at kronprins Harald var venta til London for å delta i prinsessa sin fødselsdag. Prinsessa budde på Claridges hotell i London saman med mora og broren,

Eg har vore på Arkivenes Hus på Ullandhaug og lese Rogalands Avis for heile 1960 utan å finna det eg var på jakt etter. Kongestoffet må kunne karakteriserast som rein bifangst. Men hugsar igjen desse sakene. Eg var 11 år gammal og ein ivrig avislesar dette året då Knut Johannessen sette sin legendariske verdensrekord på 10.000 meter: 15.46.6. i Squaw Valley. 27. februar, på min gebursdag.

Koss gjekk det med denne forlovelsen?

Forlovelsesryktene var bare tull og tøys.
 RA 4. november 1960.


Prinsessse Sofia gjekk på kino og såg storfilmen Ben Hur med sine foreldre i staden for å forlova seg med Harald. I dag veit me koss alt enda: Sofia blei dronning i Spania og kronprinsen vår fekk si Sonja etterkvart.

At vår eiga prinsesse Astrid var blitt forlova og skulle gifta seg med den fråskilde Johan Martin Ferner blei ei mykje større og viktigare sak i november 1960 både for RA og resten av norsk presse. Oslo-biskopen Johannes Smemo ville visst ikkje via paret siden brudgommen hadde vore gift før. Hamar-biskop Arne Fjellbu måtte engasjerast til dette oppdraget.

Mykje ståhei då prinsesse Astrid blei forlova med ein fråskild mann. RA 16. november 1960.


Mellom politikarane var det også dei som var skeptisk til giftarmålet. Venstre-høvding og lagtingpresident Bent Røiseland ville ikkje stilla seg i gratulasjonskøen. Resten av presidentskapet på Stortinget skreiv sine navn i gratulasjonsprotokollen.

Prinsesse Astrid blei gift med sin Ferner vinteren 1961 og dei levde lukkeleg til døden skilte dei ad. Prinsessa lever den dag i dag.

RA 25. november 1960.
Farah Diba som blei gift med Sjahen av Persia blei også omskriven i RA. Sjahen måtte skifta kone. Han var gift med Soraya, ei flott dame, men ho var ikkje i stand til å gi sjahen ein mannleg arving. Dermed skilte han seg og satsa på Farah Diba som han gifta seg med i 1959. I 1960 var det klart at Farah Diba venta barn.

- Hele Persia regner det i dag for meget sannsynlig at dronning Farah Diba nedkommer med en arving til påfugltronen på sjahens egen 42-årsdag onsdag, skreiv RA 25. oktober. Heile landet håpa på at det skulle bli ein gutt. Speninga var stor.

Eg gløymer aldri det som sto i ei dansk avis på denne tida:

                            Det blir stas i lange baner,
                            hvis Farah får en persianer.
                            Men vi vil ikke være henne,
                            hvis hun får en persienne.

Slikt tull var det lett å hugsa. Viktige vers var det verre med. Forresten fekk Farah ein gutt.

Seinare kom Khomeini og co til Persia eller Iran om du vil, og øydela heile idyllen. Sjah-familien måtte flykta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar