fredag 4. januar 2019

Krise! Tomt for pillene mine på apoteket!


Her er resten av dei blodfortynnande pillene mine i dag..


- Pillene dine er det ikkje fleire igjen av på vårt apotek. Men eg skal ringa og høyra kor dei har, sa apotek-dama bak disken på Tasta.

Ho tok telefonen og ringte til dei andre apotek-utsalga i same kjeden. Der var det like tomt for pillene som eg har brukt i snart fire år. Ho ringte til konkurrentane. Tombola, der også.

- Eg prøvde på sjukehus-apoteket også. Dei var også tomme!

Må innrømma at eg blei litt lang i trynet. Eg hadde rett nok lese i avisene at apoteka frå tid til anna har gått tomme for enkelte medisiner, men kom aldri på at dette gjaldt sånne trivielle medisin-sorter som eg brukar.

Eg var slagpasient i 2015. Då gjekk eg på intravenøst
på sjukehuset. (Sjølvportrett)
Etter at eg fekk hjerneslag har eg brukt piller som tynnar ut blodet mitt. Dermed skal sjansane for nye slag vera kraftig redusert. Veldig mange godt vaksne mannfolk på min alder går etter det eg forstår på slike medisiner.

- På apoteka i Skudeneshavn og i Flekkefjord har dei pillene dine. Her i Stavanger skal me få nye forsyningar i neste veke. Om det blir på mandag eller lørdag, veit me ikkje i dag, sa dama som var apoteker og opplyste meg så godt ho kunne.

Au, kva skal eg nå gjera? Dosetten min går tom nå i helga.

Skulle eg slengja meg i bilen og kjøra til Flekkefjord? Uff, nei. Har eg gidda til det?

Tilfeldigvis veit eg om ein tidlegare skulekamerat som har gått på dei same pillene som meg. Eg ringte til han.

Litt pinleg samtale.

- Hei du! Lenge sidan sist. Koss går det med deg? Brukar du stadig dei same pillene?

Det gjorde han. Men han var i manko sjølv og hadde gått ned på halv dose for å ha nok fram til apoteka i Stavanger igjen får pillene våre på lager.

Ka med Jørpeland? Der er det apotek. Eg sende ein følar til Strandalandet. Ny nedtur. Tomme hyller i Ryfylkebyen også. Men eg snakka med ein strandbu som gjekk på blodfortynnande. Dei var av eit anna merke. Eg har rikeleg, du kan få av meg, sa han. Bror hans hadde også blodfortynnande piller som hadde eit anna navn.

Eg kjenner ein del legar etter gammalt. Og har snakka med to. Råd har eg fått. Blant anna om å gå til fastlegen. Det andre rådet var å gå ned til halv rasjon. Ein pille til dagen, mot to som er normalen.

Viss du ringer til kjekke folk som orkar å gi deg råd slik heilt privat, er det dumt å ikkje bruka dei. Derfor brukar eg begge.

Eg går ned på halv pille-rasjon i helga. Og så går eg til fastlegen over helga. Viss eg ikkje reiser til Strandalandet og prøver dei blodfortynnande pillene dei livnærer seg på der.

God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar