lørdag 5. januar 2019

Plutseleg var pillene på plass!

Flaks. Plutseleg hadde eg fulle nevane av piller!
Du kan få pillene dine med ein gong. Det kom inn to pakkar i dag. Ei restbestilling.
  
Bingo! Der hadde eg flaks igjen. Eg hadde spurt den unge mannen på apoteket om han ville skriva ned navnet mitt og telefonnummeret mitt slik at eg kunne få melding når dei blodfortynnande medisinene mine var på plass ein dag i neste veke. Han kikka på skjermen og fann ut at han hadde pillene eg mangla. Eg trudde han ikkje med ein gong.  Tulla han med meg? 

Det var for to dagar sidan eg fekk den sjokkerande beskjeden om at pillene mine ikkje var å oppdriva i Sør-Rogaland. Og at nye forsyningar fyrst ville komma i neste veke. Men simsalabim. Der fekk eg pillepakken som eg var på jakt etter.

På veg til byen i føremiddag gjekk eg forbi apoteket på Tasta. Der var det ikkje ein einaste kunde. Dermed durte eg inn for å få dei til å gi meg beskjed når dei hadde fått medisinene mine. Dumt å gå og masa viss du kan få ei melding på telefonen når sendinga er kommen vel fram.

Eg la ut ein blogg i går om pillene som ikkje var å oppdriva. Det utløyste ein omtanke som eg ikkje hadde drøymt om. Folk ringte og sende meldingar. Eg kunne få låna piller av dei. Nå veit eg om cirka 50 kjenningar og facebook-venner som går på blodfortynnande piller av ulike slag.

Best var han som ringte frå Sørlandet og hadde kontakter i apotkek-bransjen. Han tilbaud seg å ta med seg piller derfrå til Stavanger på mandag. Ka var navnet på desse pillene dine? Han fekk navnet og skulle ordna opp. Men ringte tilbake ei stund seinare. Dei var utselde der også.

Men han hadde undersøkt meir. På Norsk Medisinal Depot hadde dei også vore tomme i går morgon, Men det var komme inn nye forsyningar på føremiddagen. Dei var nok på veg ut i landet.

Rørande med folk som bryr seg og viser ein slik omtanke.

Det viste seg forresten at den unge mannen som ekspederte meg på apoteket, var ein gammal kjenning. Viss eg ikkje tek feil, kom han til Norge frå Afghanistan for nokre år sidan. Då eg hadde betalt og skulle gå, kunne eg ikkje dy meg.

Har ikkje du jobba på Seven-Eleven-butikken på flyplassen, spurte eg.

Jo, det stemmer. Eg jobba der om nettene då eg heldt på med utdanninga, smilte han.

Så denne mannen kjøpte eg cola av då eg kjørte flybuss. Ein kjekk ung mann.

Tydelegvis min dag i dag, fann eg ut.

Derfor har eg satsa både i lotto, joker og tipping i kveld. Kjem ikkje til å blogga om eventuelle gevinstar. Ikkje tale om. Sjølv om eg skulle vinna ein million.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar