tirsdag 5. februar 2019

For rask, for brei og før si tid


Hurtigferja «Stavanger» blei bygd på Oma i Hardanger. Her på prøvetur
 utanfor verftet.  Foto: Jon Ingemundsen

Champagne-flaska måtte kastast tre gonger mot skutesida før den endeleg blei knust og gudmor Anne Selnes, ektefellen til Stavanger-ordførar Leif Johan Sevland, kunne pusta letta ut. Ferja var døypt og kunne setjast i fart. Dette var den tredje «Stavanger» i Tau-ruta.

Hurtigferja «Stavanger» var ein katamaran med to skrog og gjekk nesten dobbelt så fort som dei gamle Tau-ferjene. 22-23 minutt brukte den nye ferja på overfarten når dei raskaste folka var om bord. Ikkje rart at den blei svært populær blant dei reisande. Tekniske problem var det nesten ikkje så lenge den gjekk på Tau.

1. juni 2003 blei den sett inn i ruta mellom Stavanger og Tau. Ferja var eit prøveprosjekt. Dersom eksperimentet blei vellukka, skulle det byggjast ei systerferje året etterpå. Ein såg for seg to slike raske ferjer som suste fram og tilbake over Hidlefjorden.

Gudmor Anne Selnes greidde å knusa champagne-flaska på det
tredje forsøket. Foto: Jon Ingemundsen.
Men «Stavanger» fekk aldri ei syster. Den blei gåande åleine mellom dei andre «gammaldagse» ferjene. Stavangerske som i si tid revolusjonerte fjordabåt-trafikken med sjøbussen «Fjorddrott» i 1939, fekk aldri nokon ny æra med hurtigferja i 2003. Det kom ikkje fleire slike ferjer i fjordane,

Men kven kom på at det skulle byggjast ei hurtigferje til Tau-sambandet?

Hurtigbåtverftet Fjellstrand i Hardanger mangla arbeid. Det var fare for permitteringar. Framtida var usikker. Men verftet hadde utvikla ei hurtigferje som dei presenterte for styresmaktene. Den kunne dei byggja viss nokon var interessert i å setja ei slik ferje i fart.

- Vegdirektoratet kontakta oss og lurte på om me kunne vera interessert i ei slik ferje i Tau-sambandet, fortel Egil Nylund som var direktør for Stavangerske sine ferje- og hurtigbåtruter. 



Nylund la fram forslaget med toppsjef Folke Hermansen som var positiv til nye ideen.

Hurtigferja hadde aluminiumsskrog og kosta omlag 200 millionar kroner. Dette var nesten det doble av prisen for ei vanleg ferje. Det var plass til 119 bilar fordelt på sju rekker om bord i den 80 meter lange ferja.  

Statens vegvesen var også positiv til dette ferjeeksperimentet. Dei lova at ferjestøene både i Stavanger og på Tau skulle byggjast ut slik at dei var like breie som bildekket på ferja. Ferja hadde kjørelem på 17 meters bredde. Ferjelemmen var ni meter.

Den nye ferja blei sett i drift i 2003. Og prøvedrifta var vellukka. Men ferje nummer to blei aldri bygd. Tida arbeidde mot den raske ferja.

- Strandalandet kjem til å få fastlandsforbindelse i nær framtid, sa styresmaktene. Me vil ikkje bruka pengar på breiare ferjestøer når det er så usikkert kor lenge dei skal brukast, sa Vegvesenet.

Hurtigferja brukte mykje drivstoff samanlikna med ei konvensjonell ferje. Dette var dyrt og lite naturvennleg. Gassferjene kom seilande og blei plutseleg mykje gjevare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar