lørdag 29. desember 2018

Den jødiske distriktslegen og nazist-dyrlegen

Dyrlege Steinar Klevar, til venstre, og distriktslege Abram Ramson møtte
kvarandre på Sand før krigen og blei omgangsvenner. 


Den jødiske distriktslegen og den nazistiske dyrlegen blei omgangsvenner på Sand før krigen. Dei hadde felles interesser i musikk og litteratur og spela bridge saman.

Krigen kom og fekk dramatiske konsekvenser både for distriktslegen og dyrlegen. Abram Ramson blei teken av tyskarane i 1942 og heldt på å enda i dødsleirane som resten av slektningane. Men på mirakuløst vis blei han sett fri og var tilbake i legegjerninga si på Sand i 1943.

Dyrlegen, Steinar Klevar, overlevde ikkje krigen. 3. mars 1945 blei han skoten av ein tysk vaktsoldat på Drammensveien i Oslo då han ikkje stoppa på anrop. Klevar la ned mykje arbeid for å få Ramson fri frå fangeskapet. Han hadde mista det meste av trua på nazismen og såg kor det bar hen med krigen.

Den gripande historia om distriktslege Abram Ramson og familien hans var ukjent for meg like fram til denne jula då eg åpna «Gamalt frå Suldal», årsskriftet for Suldal sogelag som kom ut nå før jul. Ramson-artikkelen er laga av Tore Thorsen og Terje Bråtveit. Dette er ei grundig historie i tekst og bilete. 

Ramson-familien fotografert i 1948. Frå venstre: Ramson, Sidsel, Liv, Bara og Berit.


Abram Ramson var fødd i 1904 i Bodø. Foreldra var russiske jødar. Ramson-familien bygde opp ein stor forretning i Bodø. Men sonen Abram ville ikkje bli forretningsmann. Berre 25 år gammal var han ferdig utdanna lege i Oslo. Eit par år seinare møtte han ikkje-jødiske Bara Gulseth som han gifta seg med i 1932. Det unge ekteparet kom med ei dotter til Sand i 1935.

Dokter Ramson kom ikkje til nokon kvileheim på Sand. Distriktet omfatta kommunane Suldal, Sand og Imsland. Han måtte kjempa med meinsis på Suldalsvatnet når han skulle til Nesflaten og vassa i høg snø på heia når dei var sjuke i Ulladalen. At distriktslegen heldt ut i det store distriktet i 17 år, er utruleg når du ser det med dagens HMS-briller.

Hausten 1952 reiste familien Ramson, nå med tre døtre frå Sand til Froland. Dei fekk med gåver og takk på vegen. - Ramson og huslyden hadde vakse seg saman med folket, sto det i Aftenbladet.

Ei gripande historie. Takk for at eg fekk den til jul!

«Gamalt frå Suldal» er til salgs i dei fleste butikkane i Suldal kommune og fleire stader i nabokommunane også.




2 kommentarer:

  1. Kjekt å lese slike historier som neppe befinner seg i historiebøkene!!!

    SvarSlett
  2. Stavanger Aftenblad hadde for nokre år sida ein artikkelserie om Rogalands jødar, ei av historiene var denne. Eldste bror til mor mi vart gift med dotter til Steinar Klevar. Familien fekk for ikkje lenge si dei frigitte dokumenta frå arkiva. Eg fekk lesa breva Ramson sjølv skreiv til Quisling. Ramson overlevde mne hadde alltid vondt samvit med tanke på sine brødre som vart sende i gasskammera. Tanten min og søstera vart saman med mor si hjulpne økonomisk av Ramson etter krigen nokre år hvis eg hugsar rett.

    SvarSlett