lørdag 16. mai 2015

Sex i robåt

Robåt i solnedgang. Foto: Ove S. Førland frå Ryfylke-bok av Kolbjørn Hauge.


 Robåten låg og dreiv i det fine sommarvêret mellom Fisterøyane i sommar. Ambulansebåten "Rygerdoktoren" kom susande, og mannskapet om bord oppdaga den drivande robåten. Sjølsagt måtte dei sjekka dette og styrte rett på robåten. Her kunne det ha skjedd ei ulukke.

 Au, au. Då dei kom opp til, oppdaga dei idyllen. I båten var det eit elskande par som kosa seg på ein av dei få, fine dagane me hadde i sommar. Kapteinen på "Rygerdokteren" var ikkje sein om å svinga hardt styrbord for å komma seg bort frå dei kjærleiksdyrkande i robåten.

Denne historia skreiv eg i Jonebloggen på aftenbladet.no i oktober 2009. Sjølv om eg seinare la ned eit større arbeid for å finna ut om dette var ei sann historie eller ikkje, kom eg aldri til nokon klar konklusjon.

Dette kan vera ei vandrehistorie på liknande vis som den om betongbil-sjåføren som skulle heimom eit ærend midt i arbeidstida og oppdaga at kona hadde besøk av ein elskar. Denne mannen hadde parkert folkevogna med soltak rett utanfor huset til betongbil-sjåføren. Dette var ein fin sommardag. Derfor var takluka teken bort. Betongbilsjåføren laga ikkje store scenar inne huset. Han tippa derimot betonglasta i folkevogna som sto så lageleg parkert utan for huset. 

Oslo-avisa Dagbladet fekk ein gong i 1970-åra tips om at dette hadde skjedd i Bergen. Avisa passa på at dei ikkje sjekka historia i hel. Den blei trykt og heile landet lo av den kreative betongbil-sjåføren. Etterpå lo folk av dei naive Dagblad-journalistane som hadde trudd på vandrehistoria som var kjend over heile den vestlege verda.

Nå er me på full fart mot sommar igjen. Sjølv om temperaturane ikkje er allverda, er me alle klar til å kasta av oss vinterkleda og dra på sjøen når varmen kjem. 

Norled-ferja "Ørland" fotografert på Brekstad i fjor sommar.
                   
På Sunnmøre har dei alt hatt ein forsmak på sommarvarme. Dermed kom den første meldinga om drivande robåt i år frå Volda-området. Meldinga kom til Hovedredningssentralen for Sør-Norge på Sola som bad båtar på fjorden ved Volda om å sjekka farvatnet rundt seg. Vakthavande på brua på ferja "Ørland"oppdaga den drivande trebåten. Då dei kom nærare, såg dei at det var folk i båten. 

- Det viste seg at ingen led noen nød, men tilsynelatende hadde en hyggestund, skreiv Hovedredningssentralen på Twitter. 

Nettutgåva til Sunnmørsposten, smp.no, tok denne saka på det ytterste alvor. Dei snakka med vakthavande redningsleiar Johan Mannsåker som sa det var opp til lesaren sjølv å vurdera kva ein ville leggja i omgrepet hyggestund.

Her vil nok både den eine og andre raskt begynna å tenka på sex i robåt, vil eg tru. 

Men smp.no gjekk vidare. Dei fekk tak i eigaren av robåten. Her får du sanninga: 

 Smp.no har søndag kveld vært i kontakt med eieren av båten. Han har muligens en anna versjon av hyggestund enn det ferjemannskap og HRS har formidla.
- Det vil si, hvis hyggestund betyr NRK P2 på podcast og en presskannekopp med kaffe, så er vi enige, for det var det jeg holdt på med, sier han, og utdyper:
- Jeg var ute og rodde, og blei rett og slett sliten. Med bar overkropp la jeg meg ned i båten og hvilte.
- Jeg forstår at jeg har laga oppstyr ved å la båten drive, og det beklager jeg. Neste gang det passer med ei hyggestund skal jeg ta de nødvendige forholdsreglene, sier han.


Rutebåt og robåtar på Hjelmeland.
Folk skal ha elska i robåtar i tidlegare tider også. I alle fall har folk snakka om at dette skjedde. Eg har høyrt om ei liknande hending frå ytre delen av Sandsfjorden i det som tidlegare var Jelsa kommune for over 100 år sidan. 

Ein mann som budde ein stad på strekninga mellom Marvik og Hebnes, hadde vore vekke ei tid. Nå var han ventande heim. Kona kom roande til næraste rutebåtkai for å henta han. 

Gjensynsgleda var stor og gjensidig, og det var langt å ro heim. Dermed skjedde det same då som nå for tida. Folk oppdaga ein drivande robåt og måtte ut og ta seg av båten.

Då dei kom innpå, stakk ein smilande mann hovudet opp: - Me berre kvile litt, me, sa han. 

Eg håpar at me nå får ein fin sommar slik at robåtane kan få driva fritt i fjordane. 






















1 kommentar: