søndag 24. mai 2015

Koss var det i Japan?

Du ser ikkje så mykje av Norge, men her litt av Nelaug stasjon. 


I 1970-åra var det ganske eksotisk å reisa på chartertur til Mallorca. Då reiste Per Barkved og kona på tur til Japan. Per var ein av dei gamle journalistane i Aftenbladet då eg begynte der for snart 40 år sidan. Han røykte pipa og forsnakka seg sjeldan. Dei andre gamle journalistane var spente på å høyra om den lange turen. - Koss var det i Japan, spurte ein som heitte Lasse og var spesielt forveten. - Jo, sa Per. - Me åt godt og sov godt.

På 18. mai tok eg toget til Oslo. Det var kona som hadde lokka meg med. Sidan eg er litt skvetten av meg og ganske redd for å reisa med fly, gjekk Oslo-turen med tog. Dette var ein lang tur, men eg skal prøva å vera kort, men litt meir ordrik enn min gamle kollega. Det er jo ein dagstur eg snakkar om.

Før du les vidare, vil eg gjera ein ting heilt klart: Ikkje eit vondt ord om NSB. Heller ikkje om folka som tok seg av oss på toget. Turen gjekk etter ruta omtrent på minuttet. Og det var rasande billeg. 398 kroner kosta det for oss to med toget med reserverte og fine sete ein veg. Viss du skulle kjørt bil til Oslo, ville du betalt meir i bompengar enn det togbilletten kostar.

Men eg veit ikkje om eg gjer denne turen ein gong til.

Første etappe var perfekt. Same opplegget som då me reiste til Kanariøyane i vinter. Den litle, grøne Byhaugbussen passerer huset vårt klokka 9.39. Vips så stoppar bussen ved Byterminalen 15 minutt seinare. Der er det 20 meter å gå vidare til Flybussen og 30 meter til toget. Klokka 10.17 starta neste etappe på Oslo-turen.

Starten var strålande. Me sat på Gandsfjord-sida. Studerte båtar som lasta fiskefôr på Kvalaberg. Lystbåtar av alle slags størrelsar heile vegen til Sandnes. I tillegg hugsa eg med andakt  mi tid som nattrutematros då me kjørte gjennom tunnellen ved Lurahammaren. Der bunkra nattruta alltid på veg til Sandnes viss det var ledig plass på kaien på tankanlegget.

Sandnes er ein fin by. Ikkje kom med den dumme påstanden om at den er like stygg som Drammen. Hålle du? Viss du veit kva det betyr, har du litt greia på Sandnes.

Jæren er ikkje å forakta. Fint å sjå Bryne. Oslo-toget heftar seg ikkje med dei andre stasjonsbyane. Før me visste ordet av det, suste toget inn på stasjonen i Egersund.

Langdistanse-løparar snakkar om motgangen som møter dei under løpa. For togturisten på veg til Oslo, startar påkjenningane etter Egersund. Sørlandsbanen heiter det så flott. Lindesnes, Mandal, Kristiansand og Homborsund, tenkjer eg når folk seier Sørlandet. Finst noko vakrare enn Blindleia eller Blindleden som Thomas Middelthon seier.

Dette er ikkje Pizzabakeren, men Vennesla.

Etter Egersund er Sørlandsbanen ei plaga til langt borti Telemark. Toget vrenger og vrir seg på skinner som svingar og krøkjer seg i myrar og småskog, mellom innsjø-pyttar og gjennom korte tunnellar. Planen var å fotografera litt på turen for å støa opp under eit stadig dårlegare korttidsminne. Ikkje lett å ta eit landskapsbilde med mobilen på toget. Då du endeleg såg eit fint lite skoglandskap, var toget inne i ein tunnel igjen før du fekk knipsa bildet. Som du ser, har eg fotografert mest når toget sto på ein eller annan stasjon.

Det finst omtrent ikkje rette strekningar på Sørlandsbanen. Lokføraren får aldri trykka klampen i bånn. Då ville toget enda i blåbærlyngen før du visste ordet av det.  Dette er kjedelege greier.

Trøysta blei eit besøk i pub-vogna og ei murstein-tjukk bok om britiske statsministrar frå 1900 og fram til i dag. Boka var ganske løyen av og til: - Når man snakker med Churchill, føler man at han er verdens viktigste person. Når man snakker med Loyd George, føler man at man selv er verdens viktigste person, var det ein britisk politikar som sa. Gul tusj på dei linjene.

Kristiansand var einaste avbrekket på turen. Der måtte alle reisa seg slik at konduktøren kunne snu seta våre. Så bukta toget seg vidare gjennom småskog og små-tunnellar mot Oslo.

Hoppbakken i Vegårdshei.


Problemet med Sørlandsbanen er at den ikkje går gjennom dalane. Den går på tvers av dei. Dermed blir det lite spennande å sjå. Det blir haug og hammar her i verdens rikaste land.

"Hylsfjord" i Drammenselva. Foto: Fjordfaehren.

Turen gjekk lettare då det blei eit meir sivilisert landskap i Telemark. Her blei det fort innsjøar og sakteflytande elvar med motorbåtar og robåtar. 
Ei ulukke på turen. Eg greidde ikkje å ta bilde av den gamle rutebåten "Hylsfjord" som ligg fast fortøyd i Drammenselva, kloss i jernbanelinja. Då var det plutseleg stor fart i toget. Det bildet stal eg på internett. 

Klokka 18.25 var toget framme i Oslo. Det var ikkje eit minutt for tidleg. Akkurat i rute.



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar