mandag 25. mai 2015

Slik får du garantert tippegevinst!

Her ser du siste tippekupongen min før sommarferien.


Eg har ikkje greia på fotball. I mange år har eg forgjeves  prøvd å lesa meg opp på både engelsk og norsk fotball for å bli ein seriøs fotball-tippar. I tillegg har eg vore på mange studieturar til England med magert utbytte. Likevel har eg i fleire år nå  greidd å vinna nok i tipping til at eg slepp å bruka sparepengane mine til gambling. Eg har til innsatsen.

Norsk fotball har eg gitt opp. Eg tippar berre når Norsk Tipping har engelske kampar på kupongen. I løpet av den engelske sesongen som nå er slutt, har eg hatt elleve rette to ganger. Rettare sagt: Eg har hatt tre gonger elleve rette. For den eine gongen bomma eg på ein halvgardering. Då blei det to gonger elleve.

I går kom den siste elveren. 575 kroner susa rett inn på tippekontoen. Ikkje svære greiene, men nok til at eg har pengar klar når den nye engelske sesongen startar i august.

Det er viktig å ha dårleg tid viss du skal prikka inn gevinsten er mi erfaring.

Nå på pinseafta sat eg på dagtoget frå Oslo til Stavanger. Som det datageniet eg er, har eg tippeapp på mobilen. Fortvila prøvde eg å få levert kupongen min mens toget susa av gårde gjennom skog og tunnellar mellom Oslo og Kristiansand. Ikkje tale om. Mobildekninga er ikkje så god i alle dei små jernbanetunnellane på Indre Agder.

Men i Kristiansand var det 3G på telefonen. Då var det tid for å tippa i full fart, mens konduktøren snudde stolane våre inne i vogna. Eg hadde to-tre minutt på meg ute på perrongen.

Peter Shilton  redda straffe og tok frå meg 12 rette.


Leicester er eit lag som eg hatar intenst. Som fattig student i Bergen på 1970-talet gjekk eg glipp av 12 rette fordi keeper Peter Shilton redda eit straffespark. Kampen var halvgardert då eg og kamerat Odd Wiik Johnsen fylte ut tippekupongen i full fart på lesesalen på Sydneshaugen. Me kunne ha vore gjeldfrie som ferdige adjunktar med opprykk hadde det ikkje vore for Shiter Pilton.

Forrige gong eg hadde elleve denne sesongen, rauk eg også på Leicester. Denne gongen satsa eg på dei mot QPR som har vore eit elendig bortelag i år. Det gjekk bra.

Dessutan satsa eg på Burnley mot det notorisk upålitelege Aston Villa som er eit lag eg har ergra meg mykje over. Så flott klubbnavn og så dårlege resultat.

Av prinsipp gir eg alltid Stoke store sjansar til å ta poeng. Kvifor Stoke? Eg har vore på jernbanestasjonen der. Det same gjeld Preston. Kameraten min og eg tok tog frå London til Blackburn for å sjå Alf Inge Haaland og Nottingham Forest mot Henning Berg og Blackburn. Då skifta me tog i Preston. Derfor satsar eg alltid på Preston når dei spelar heime. Alt dette gjekk bra, men kor var eg då eg ikkje satsa på Crystal Palace. Der tenkte eg feil i farten. Kunne hatt 12 rette.

Vel heime i Stavanger oppdaga eg at det var ein søndagskupong eg hadde levert i Kristiansand. Litt ukonsentrert er det viktig å vera når du skal ha ti eller elleve rette.

Forrige gong eg fylte ut ein vinnarkupong i vinter, kjørte eg flybuss. Då oppdaga eg at leveringsfristen var i ferd med å gå ut rett før eg skulle kjøra frå Sola. Eg måtte berre tippa og blei fleire minutt forsinka frå flyplassen på grunn av dette. Stressa og galen var eg før kupongen blei sendt gjennom lufta til Hamar. Hastverksarbeid var det og blei suksess. Eg sopte inn opp til fleire tusenlappar den helga.

På ein ferjekai på Vestlandet for ein del år sidan  leverte ein eg vinnarkupong medan ferja var i ferd med å leggja til kai. Ein innfødd kjefta på meg for at eg prøvde å juksa meg fram i køa. Eg kom akkurat med ferja og vant i tipping seinare på dagen. Ingen stor gevinst, men likevel.

Poenget er å ha lita tid.

Nå kan eg ikkje røpa fleire tippeløyndomar. Grasrotandelen min går til Tasta Håndball. Der spelar to av barnebarna mine håndball.

Tippeferien min har hermed starta. Nå spelar eg berre lotto. Det er penger rett ut vinduet!

Vil du lesa om koss det er å reisa på tur til England for å studera fotball, har eg blogga om det tidlegare:

 http://jonelaugaland.blogspot.no/2015/04/heilt-harry-dra-pa-guttatur-til-england.html
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar