mandag 11. mai 2015

Fargesjokk på fjordabåtane våre

Den flunkande nye "Rygerprins" på Tau i dag.

I alle år har me elska fjordabåtane våre, fargane, rederiflagga og båt-navna. Nå må me stoppa raseringa av restane av den maritime kulturarven vår. Ignorante byråkratar må stoppast før alt er øydelagt!

 Eg er forresten også dansande galen fordi Stavangerske ikkje brukar sitt rette rederinavn på dotterselskapet som driv hurtigbåtar og ferjer. Norled er eit bastard-navn. Stavangerske er det schwung over.

Tidlegare i dag sat eg og venta på ferja på Tau. Plutseleg kjem det ein hurtigbåt rennande og klappar til kai rett ved sida av ferjekaien. - Grønt tak på styrehuset. Lurer på kva Norled-båt dette er, tenkte eg. Må innrømma at eg har sett og forstått at hurtigbåtane til Norled som går i dei vakre Ryfylkefjordane, nå har fått same grønnfargen som bussane som kjører for Kolumbus i Rogaland.

Men dette var ikkje ein Norled-båt. Rødne-logoen avslørte at dette fartyet kom frå Sjernarøy. Eg var rask med å sikra meg eit bilde av den nye båten med navnet "Rygerprins".

Eg kan berre konstatera at nå blir det eit samansurium av fargar på hurtigbåtane. I Ryfylke blir Kolumbus sine hurtigbåtruter delte mellom Norled, Rødne og Jon Arne Helgøy.

"Fjordfart" på Tau i fjor sommar.
Frå sommaren av skal alle desse båtane ha grønne tak på styrehuset og ei grøn og blå Kolumbus-stripe over fenderlista. Fargen på sjølve skroget vil variera med rederiet. Svart på Norled-båtar, blått på Rødne og kvitt på Helgøy sin eine båt i fast Kolumbus-fart.

På skutesidene blir det svære Kolumbus-logoar. Litt mindre rederi-logar. Men navnet på båten må du leita etter med lupe. Ikkje lett for oss som interesserer oss for båtar og båtnavn.

"Fjordkatt" på Sand i 2013.
 I Hordaland har dei ikkje Kolumbus. Det fylkeskommunale tiltaket som organiserer alle kollektiv-trafikk i dette fylke, har fått navnet Skyss. Navnet er fint, men fargane dei har plukka ut er verre enn i Rogaland. Rustbrunt, kvitt og svart. Desse fargane blir brukt på bussar, båtar og Bybanen i Bergen.

Norled sin "Fjordkatt" som gjekk i fleire år i fjordane våre, blei sett inn i ei pendlarrute  mellom Nordhordland og Bergen i fjor. Då framsto den brått i bybane-fargar. Båten hadde ein gjesteopptreden i Ryfylke på ettersommaren i fjor. Heilt ukjenneleg med brunt styrehus-tak.

"Fjordkatt" i Skyss-fargar.

I Oslo er det Ruter som styrer med kollektivtrafikk. Norled-båtane som går mellom Aker Brygge og Nesodden har fått svære Ruter-logoar på skutesidene pluss kvite tak på styrehusa.

Hurtigbåtane som går mellom Bergen og Sogn på anbud frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, er ikkje pålagt spesielle fargekrav. Her går Norled-båtane med sine originale fargar og navnet på fartyet er lett synleg på skutesidene. Slik skal det vera.

Korleis det er på resten av kysten nordover, har er ikkje fått med meg. Tek gjerne mot innspel i kommentarfeltet.

Vel heime har eg googla og styrt på: Den nye båten som blei sett i rute frå 1. april, er 21 meter lang og har plass til 97 passasjerar. Toppfarten er 29 knop. Rødne har i alt fått levert 19 nybygde skip i si ti. Med eit unntak, Vassøy-ferja "Rygerbuen", er alle bygde hjå Brødrene Aa i Hyen. Dette er den første Rødne-båten med navnet "Rygerprins" så vidt som eg veit. Den skal forresten ikkje døypast før på Tomatfestivalen på Finnøy 22. august.

"Frøya" i Norled sine originale fargar på veg frå Bergen til Sogn i fjor.

Jon Arne Helgøy får  ein båt identisk med "Rygerprins" 20. juni. Den får navnet "Helgøy Glimt" og Kolumbus-dekor. Skroget blir kvitt. Helgøy kvittar seg med "Helgøy Prinsess" som går i hurtigbåtruta Finnøy - Hjelmeland i dag. Flåten hans vil då vera på fem båtar.

- Heilt greit med Kolumbus-fargar på den nye båten. Den skal gå i ruta for Kolumbus i opptil ti år. Då må oppdragsgjevaren ha rett til å seia noko om utsjånaden på båten også, seier Jon Arne Helgøy.

For ei tid me lever i!






















1 kommentar:

  1. Her er skrogfargene på hurtigbåtene i Trøndelag: http://www.braa.no/tyrhaug

    SvarSlett