tirsdag 5. mai 2015

Då «Hjelmelandsfjord» skifta motorar

 «Hjelmelandsfjord» fekk nye dieselmotorar i 1954.
                             
12. april 1954 blei det markert at «Hjelmelandsfjord»  hadde fått installert nye dieselmotorar som skulle gi fjordabåten betre fart og færre driftsforstyrrelsar. Dagen etterpå sto det eit ganske utførleg referat i Aftelbladet om denne saka.

Dei to nye, norskbygde dieselmotorane av merket BMV (Bergens Mekaniske Verksteder) var på 400 HK kvar og skulle gi båten ein toppfart på 12 knop. Dei to amerikanske Paxman-maskinene som sto i båten tidlegare, svara ikkje til forventningane. Det blei for mykje problem med dei. Mellom anna hadde det vore vanskar med å skaffa reservedeler. Farten blei heller aldri meir enn 11 knop med dei gamle maskinane.

Aftenbladet 13. april 1954.

Disponent Magnus Kalheim i Jøsenfjord Rutelag opplyste på tilstellinga om bord i båten at då dei skulle skaffa nye motorar sto det mellom eit dansk og eit norsk fabrikat. Dei landa på BMV for dei hadde godt ord på seg, og det var lett å skaffa reservedeler.
 Motorane blei levert før jul i 1953. Bortsett frå fundamenta og akslingane var alt arbeidet med innsetting og montering utført ved Jøsenfjord Rutelag sitt eige verksted på Buøy. Arbeidet med motorfundament og akslingar blei gjort ved Haugesund Slip.

På denne tida konkurrerte Jøsenfjord  Rutelag med Stavangerske på rutene til Tau, Fister og Hjelmeland. Disponent Kalheim passa på under samkoma om bord å klaga litt over Samferdselsdepartementet som ikkje hadde teke nok hensyn til Jøsenfjord-selskapet i denne saka.

I  1953 hadde Jøsenfjord Rutelag sett inn nye «Årdalsfjord» på ruta til Tau og Årdal. Året etterpå fekk «Hjelmelandsfjord»  nye maskinar og betre fart i ruta på Fister og Hjelmeland. Det triste, sett med Jøsenfjord-auer, var at Stavangerske sine konkurrerande båtar, «Fjordsol»  og «Fjordbris» , alltid var raskare på fjorden.

Motormann Ola Øye ser på maskintelegrafen på
 «Hjelmelandsfjord» . 
                                   
Dei nye maskinene på «Hjelmelandsfjord»  hadde såkalla omkast. Når dei skulle bakka opp, måtte maskinane stoppast og startast motsatt veg. Kapteinen på brua dirigerte maskinisten via maskintelegrafen. Viss maskinisten var ny og nervøs, var det alltid ein viss fare for bomstart. Viss maskinisten ikkje venta til maskinen var heilt stoppa, gjekk motoren framover. Då kunne det enda med forferdelse langt oppi strandsteinane.

Alle me som hadde «Hjelmelandsfjord»  som vår fjordabåt, hugsar plingelinga frå maskintelegrafen og den kraftige blåsinga når motorane blei starta. Det føregjekk med trykkluft, må vita.

«Hjelmelandsfjord»  gjekk sin siste tur i Ryfylke 27. september 1978.

Sidan havna den på Bahamas der det berre er eit rusta vrak igjen av det ein gong så stolte skipet. «Hjelmelandsfjord»  blei opprinneleg blei under krigen som landgangsskip for den britiske marinen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar