onsdag 6. mai 2015

Eg kan passa på pillene sjøl

Tre piller kvar einaste dag. Mykje å passa på for ein mann.


Ein rosa pille om kvelden før leggetid. Den skal få meg til å drøyma søtt, trur eg. Kvar morgon og kveld må eg stappa inn ein plastikk-pille. Den forstår eg meg ikkje på. Koss kan du gjera deg nytte av medisiner som ligg i ei plastikk-hylse?

Eg blei jo levande avskræmde då kyndige og erfarne doktrar slo fast at eg var ramma av slag.  Lydig puttar eg derfor pillene i kjeften i tråd med det som står på pilleboksane. Å passa på helsa, er blitt viktig. Fram til denne tid trudde eg det var nok å mosjonera. Omtrent kvar dag gjekk eg bortimot ein time i frisk luft. Det skulle vera meir enn nok til å bli ein gammal mann. Så feil kan ein ta.

- 83 år er ingen alder, sa tanta mi då ho var 85. Sjøl er eg berre guttungen. 66 år.

Om du er guttunge, halvstyving, mannfolk eller gammal gubbe. Dei fleste av oss treng til ei kvar tid ¨ha ei styrande kvinnehand på seg. Heilt frå jordmora tok hys på meg og fram til i dag har den moderlege omsorga alltid vore rundt meg.

- Vask hendene, sit roleg ved bordet, gjer leksene, pass deg for jentene. Ka finne du på, din travalabb?

Mor såg etter meg i alle år. Eg blei oppdratt etter alle kunstens regler. Som 15-åring blei eg rekna som oppfostra nok og send til byen for å gå på skule og bu på hybel. Kan tru mor mi låg vaken heime på Laugaland og lurte på koss det skulle gå med meg.

Då eg blei gift, slappa mor av. Ho hadde andre enn meg å passa på.

Ein gong guttunge, alltid guttunge. Kånå har sett etter meg i alle år. Eg har vore heldige, seier ho. Med åra har eg forstått at mange andre er av same meining.

Med rette har eg blitt skulda for å vera både hottalause og distre. Men eg kunne godt fått ein sjanse til å administrera pillene mine då eg kom heim med frå sjukehuset. På kjøkkenet har eg ein fast plass til mitt privatarkiv. Der oppbevarer eg alle viktige skriv, kalender, pennar, diverse lesebriller, eit par skruejern og ei lita kjekk lommelykt frå Clas Ohlson og mykje anna som kan koma til nytte ein dag.
Her skulle medisinene få sin naturlege plass, tenkte eg.

Dette blei ikkje godkjent av sjefen. - Eg greier å passa på pillene sjøl, protesterte eg forsiktig.

Dosett kallar dei denne greia eg nå er blitt utstyrt med. Med jamne mellomrom blir dosetten fylt opp med dei rette pillene. Då er det lettare å halda orden i sysakene, har eg fått beskjed om. Men trur du ikkje eg har gløymt pille-trillinga opptil fleire kveldar alt.

Koss skulle det gått med meg som ungkar?














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar