torsdag 7. mai 2015

Evig liv med ultralyd?

På Google finn du mykje rart. Både vist og gale.


Nå skal eg gå rett til fastlegen min og forlanga full sjekk med ultralyd. På eit kvarters tid vil legen kunna finna alle kroppsdeler som må skiftast ut eller treng overhaling. Så enkelt kan eg gå inn i ein trygg alderdom utan opprivande helsesvikt.

Det var eit sjokk for meg å få hjerneslag som 66-åring. Til denne tid har eg greidd å styra unna depresjonar etter denne hendinga, men eg er vel farleg nær. Akkurat nå er det etterpåklokskapen som plagar meg mest.

Viss eg hadde vore litt meir interessert i å passa helsa mi, gått meir til fastlegen og studert medisinske spørsmål på internett, hadde eg ikkje vore sjukmeldt i dag med forbod mot å kjøra bil.

Far min fekk prostata-kreft. Han døydde då han var 77 år gammal. Til hausten hadde eg tenkt å gå til fastlegen og sjekka om eg er i faresonen for å få same sjukdommen som far min. Helseplagene går ofte i arv i familiane, har eg forstått.

 At eg skulle få slag, hadde eg aldri drøymt om. Det fekk aldri far min.

Ganske irriterande å tenkja på at eg tulla vekk tida på å snakka tull med folk og skriva om gamle fjordabåtar. Eg prøver å kompensera for dette nå med å snakka om sjukdom med alle eg møter. Innsikta i kompliserte medisinske spørsmål aukar for kvar dag.

Ein mann med full kontroll var innom på besøk her ein dag:

- Eg ringjer til fastlegen min med jamne mellomrom og bestiller full sjekk. Han går over kroppen min med ultralyd. Då ser han om det er medinske problem under oppseiling. Spesielt er det viktig å passa på hovedpulsåra. Den var heilt fin for eit par dagar sidan, fortalde gjesten min.

Han hadde gjort det klart for fastlegen at det var han som hadde ansvaret.

- Viss fastlegen gjer jobben sin, vil eg vera frisk i aldri så mange år framover, slo han fast.

Folk med stålkontroll er fascinerande. Skulle ynskt at eg også var slik. Medisinske fagfolk stolar eg på, men dei er ikkje feilfrie dei heller.

For ein del år sidan var eg plaga med sterk hovud-verk i månadsvis. Fastlegen hadde ferie. Det var ein vikar som undersøkte meg og ordna med pille-resept og sjukmelding. Så gjekk turen til apoteket. Der leverte eg resepten og sette meg å venta på pillene mine.

 Dama bak disken ropte plutseleg på meg. - Har du lese resepten din, spurte ho. Det hadde eg sjølvsagt ikkje. Ho viste meg papiret der det sto:

- 4 piller daglig mot menstruasjonssmerter.

- Det er ikkje uvanleg at folk som berre har sett navnet mitt på trykk, har trudd at eg har vore kvinne. Men dette er fyrste gong at dette har skjedd ved personleg frammøte, sa eg då.

(Viss du har spørsmål av medisinsk karakter etter å ha lese dette, ikkje ta kontakt med meg. Eg har ikkje peiling.)






































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar