fredag 8. mai 2015

Morellene to veker forsinka av vind og regn

Plommeblomst i Egenes kolonihage tysdag kveld.

- I fjor var blomstringa på morelltrea ferdig til 1. mai. Dette året har den ikkje nådd toppen ennå. Dermed får me ikkje norske moreller før 15. juli i år. 1. juli var dei i salg i fjor. Det var rekordtidleg.

Dette seier  tidlegare herredsgartner Terje Pundsnes frå Hjelmeland.

Eg oppdaga frukttreet som blomstra så fint i Egenes kolonihage på kveldsturen min i går. Porten sto åpen. Dermed fekk eg eit nærbilde av treet. Dette er vel eit plommetre, trur eg. Eit lyspunkt i all vind og væte. Det var då eg kom på at eg skulle ringja til den evige entusiast, Terje Pundsnes.

I fjor kunne fruktdyrkaren på Hjelmeland gleda seg over ein makelaus fin vår og sommar. Morellene hausta han 18 dagar tidlegare enn året før.

Blomstringa starta like tidleg i år, men så kom kjølen, seier Pundsnes.

 Terje Pundsnes gleda seg over rekordtidlege eple i fjor. 

Dermed stoppa det opp. I det siste har det vore juletemperaturar. Men biene er i fullt arbeid. Mykje humla er det også. Dermed er bestøvinga i gang, forsikrar han.

- Det blir spennande å sjå om sædcella som blir lagt på arret på fruktblomsten veks ned til eggcella. Eg trur det skjer sjøl om det har vore både vått og kaldt i det siste, seier Pundsnes.

Dei andre fruktsortane blir også seinare i år. Plommebløminga er i gang, men epletrea er ikkje i blomst ennå. Einaste unntaket kan vera enkelte av dei tidlegaste sortane. Pærebløminga er så vidt begynt.

 67-årige Terje Pundsnes har vore fruktdyrkar sidan han var ein neve stor og har opplevd både gode og dårlege somrar. Den verste var sommaren 1979 med låge temperaturar og mykje regn. Kvaliteten var miserabel.

 Ingen veit koss det går i år. Sjøl om det har vore litt kaldt i det siste, kan det bli ein flott sommar for det. Med eit skikkeleg vêromslag kan det ordna seg fort. Då kan det fort bli eit nokså normalt år.

Me får sjå.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar