tirsdag 26. mai 2015

Voldtok plenen før regnet kom

Det våte graset klabba fælt på plenklipparen i dag.


Kor mange gonger må det seiast? Du må ikkje stola på Yr.no. Rett nok kan du få ein grov indikasjon om koss det skal skifta mellom sol og regn i tida som kjem. Men ikkje ein millimeter meir.

I dag skulle det ifølge den meteorologiske nettstaden vår vera opphald i Hjelmelandsvågen heile dagen. Eg stolte på det og reiste til Hjelmeland i går kveld. Etter alt regnet i helga skulle eg la plenen får tørka litt utover dagen før eg så skulle slå graset i ettermiddag.

 Resten av veka skal det regna meir eller mindre heile tida. Dermed passa det godt med ein tur på hytta nå for å slå. Dumt når graset blir altfor langt før du startar slåtten.

På Nitimen på NRK i dag slo dei vitsar om såkalla vêrprofetar som hadde lova ein flott sommar frå og med juli. Ein høgt utdanna meteorolog som me ser på TV rett som det er, slo fast det ikkje er råd å laga pålitelege vêrmeldingar så langt fram i tid. Men kva gjer dei fagfolka som driv Yr.no?

Eg heldt på å få kaffien i halsen då eg plutseleg oppdaga at Ombo så ut som om heile øya var innpakka i ein plastpose. Ei kraftig regnbyge hadde kurs rett mot Hjelmeland. Og regnbyger som kjem frå Ombo er ekstra våte, blir det sagt. Dermed hoppa eg i støvlane og voldtok den våte plenen med ein svært motviljug plenklippar. Det våte graset sette seg fast inne i magen på klipparen. Fleire gonger måtte eg stoppa å grava ut det grøne grapset etter at motoren hadde stoppa fordi jobben blei for tung.

Det gjekk ikkje meir enn eit kvarters tid før eg hadde frest over den litle hytteplenen min. Hastverksbarbering var eit dekkande ord for det som hadde skjedd på eigedommen. I same sekund som plenklipparen blei stoppa, kom sola og regnet på ein gong. Resten av dagen har det regna både nå og då.

Litt seinare kom den forhenverande austlendingen, Emil Mohr, forbi. Han har pensjonert seg og blitt hjelmelandsbu på heiltid. Eg beklaga meg over Yr.no til han. Men han berre flirte,

- Eg har lært meg eit vêrteikn etter at eg flytta til Hjelmeland: Når du ikkje ser Ombo lenger, blir det snart regn, sa han.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar