søndag 30. juli 2023

Vipps – der var bankbussen vekke!

 

Bankbussen på plass i Vormedalen. Olaug Synnøve Soppeland ekspederer bankkunde Nils Hauge.
Kari Midtbø ser etter spennande bibliotek-bøker i november 1988. Aftenblad-fotograf
Knut S. Vindfallet har tatt bildet som også er brukt i jubileumsboka. 


Med bankbuss kunne ein kjøra pengane ut til folket på bygdene. Dei slapp å reisa inn til sentrum og inn i banken for å få ordna opp i pengesakene sine. Eit stort framskritt i forrige århundre. Nå er bankbussen historie. Data-alderen og vippsen overtok og bankbussane har kjørt ut av historia. I Hjelmeland tok denne soga slutt i 2001.


Ola Vormeland si fotosamling og Hjelmeland Sparebank si jubileumsbok er eit godt grunnlag når ein skal mimra om bankbussen si tid i kommunen.


Bankbussen hadde fast stoppeplass i Melandskrossen i Vormedalen. 
Foto: Ola Vormeland.


I 1977 begynte dei å snakka om bankbuss i Hjelmeland Sparebank. Det blei ikkje med snakket. For eit slikt tilbod meinte ein passa godt i kommunen med så spreidd busetnad og dårleg utbygd kollektivtransport. Med dette tilbodet kunne dei også konkurrera betre mot Postsparebanken som gjennom landpostbuda kom heilt fram til folk.


Bankbuss-ideen blei realisert etter at det blei inngått eit samarbeid med kommunen i 1981. Ein etablerte eit heilt nytt tilbod: Ein kombinert bank- og bokbuss. Bussen kom i drift frå 15 juni 1981. Den var utstyrt for å kunna ekspedera bankkunder og hadde hyller med plass til 800 bøker til utlån.


Bankbussen hadde seks stoppestader. Alle desse var plassert i gamle Hjelmeland kommune: Jøsenfjorden, Jøsneset, Vormedalen, Randøy, Askvik og industriområdet på Vikaneset fekk besøk av bussen to gonger i veka. Etter gammalt var dette Hjelmelandsbanken sitt område. Årdal og Fister hadde sine eigne sparebankar.


Johannes Hetlelid hjelper ein ung og interessert vormedalsbu inn i 
bøkenes verden. Kjenner nokon navnet?


Johannes Hetlelid fekk jobben med å kjøra bankbussen. Han var tidlegare lærar ved Hjelmeland skule. I fem år var det han som hadde ansvaret for bussen. I 1986 slutta han og gjekk tilbake til skulen. Då overtok Svanhild Nessa. Det var også andre banktilsette som kjørte bussen i periodar.


Banken fekk med åra fleire kunder både i Årdal og Fister. Dermed kom Årdal, Nessa og Fister med på ruta frå 1987. Frå 1995 fekk også Ombo i Finnøy kommune besøk av bussen.


Kan dette stemma? Johannes Hetlelid sjekkar reknemaskinen. 


Samarbeidsavtalen mellom banken og kommunen tok slutt i 2000 og bankbuss-tilbodet blei borte i 2001. Tele- og nettbank hadde ført til at mykje av kundegrunnlaget blei borte. Bankbussen var historie.


Ola Vormeland var styreformann i banken frå 1967 til1978. Ikkje minst på grunn av sin tilknytning til banken, passa han på å fotografera bussen og bankbuss-sjef Johannes Hetlelid i arbeid ute i bushen eller rettare sagt i Vormedalen. Den faste stoppeplassen var Melandskrossen, der vegen tek av til Kleivaland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar