mandag 10. juli 2023

Travelt for Torill då Tomstad åpna ny butikk

 


Travelt for Torill Djønne i kassen då Tomstad åpna ny butikk.
Stor forandring frå krambua i Vågen. 


Halva Hjelmeland sto i kø då Tomstad-butikken åpna sin tipp-topp moderne butikk på den tidlegare Prestagarden. Nå var krambu-epoken slutt i Hjelmelandsvågen.


- Køen strekte seg frå butikkdøra og heilt bort til riksvegen. Oppstusset då handelslaget åpna sin butikk i 1967, var bare småplukk i forhold til den liv og røra det var då me åpna ny butikk, seier Per Kvame (79) som var sjef og eigar i Sigv. Tomstad saman med Harald Sæbø.


Harald Sæbø hjelper Liv Vormeland med å pakka varene sine. 


Ola Vormeland tok ikkje berre med seg kona Liv til butikk-åpninga. Foto-apparatet var også med. Han knipsa travle Torill Djønne, kollegene hennar og kundene som ville benytta seg av alle super-tilbuda på åpningsdagen 12. februar 1980.


- Eg begynte på Tomstad-butikken i Vågen i 1972. Der gjekk all handel over disken. Kundene sa kva dei skulle ha og me henta varene. Først skulle dei ha eit brød som me sprang og henta. Så skulle dei kanskje ha fem boller. Då var det å springa tilbake til bakarvarene på ny, fortel Torill Djønne som hugsar at det var uvant å sitja bak kassa-apparatet.


Ho blei ikkje så lenge i den nye butikken. Ho gifta seg og stifta familie. Men seinare var ho tilbake som ekstrahjelp i helger og feriar.

Tomstad-damene fekk blomster. Frå venstre: Borgny Jørmeland, ekstrahjelp
Ragnhild Kvame og Åshild Kvame. 

Fotografen fekk ikkje med seg Ella Espeland på åpningsdagen. Ho var heilt sikkert travelt oppteken då. Ella starta på Tomstad-butikken som 16-åring i 1959 og jobba der samanhengande i 51 år. Ho pensjonerte seg 30. april 2010. Det var fire kvinner i Tomstad-butikken i 1980: Ella Espeland, Borgny Jørmeland, Åshild Kvame (kona til Per) og Torill Djønne.


Ella Espeland, i midten, jobba på Tomstad-butikken i 51 år. Per Kvame, tilvenstre, og butikksjef
Tonr Kristin Laugaland Munthe til høgre.

- Det meste blei selt i laus vekt og måtte målast og vegast. Eg hugsar godt sildatønnene der me måtte kjøra armar og nevar ned i for å å henta opp fisk, men det verste var når me måtte måla opp sirup. Det var någe kliss, sa Ella i eit avskjedsintervju med Strandbuen.


Gudve og Kristen Hetlelid var mellom dei mange
Tomstad-kundene på åpningsdagen. 

Bakaren hjå Tomstad, Ole B. Haugsland, var også med på flyttelasset frå Vågen til Prestagarden der det var laga eit tipp-topp moderne bakeri. Men tida med lokale bakarar på bygdebutikkane, var i ferd med å ta slutt. Bakeriet blei nedlagt då bakaren gjekk av med pensjon i 1987.


Det nye forretningsbygget var på 500 kvadratmeter. Butikk-arealet var på 285 kvadratmeter mot 140 kvadratmeter i den gamle butikken i Vågen.


Per Kvame og Harald Sæbø unnte seg ein røykepause på den travle åpningsdagen. 


Harald Sæbø og Per Kvame, Tomstad-eigarane, var også super-veteranar. Harald Sæbø starta i butikken i 1930-åra og heldt ut til han blei pensjonist. Per Kvame starta sin karriere på Tomstad-bakeriet som 14-åring i 1958.


Det er over 43 år sidan denne spektakulære butikk-åpninga i februar 1980. Flott at Ola Vormeland tok med seg foto-apparatet til hendinga og etterlet bilda i si store fotosamling. Dermed kan me mimra i dag. Det er Morten Hetland som har digitalisert lysbilde-samlinga til Ola Vormeland.


Spar-butikken, tidlegare Tomstad, slik den ser ut i dag. Foto: Sigve Vatland.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar