fredag 14. juli 2023

Til Ombo med gratis-ferja på jakt etter spor av Nato-general

 

Fire Nårstad-karar, men ingen var i slekt med generalen. Frå venstre: Per Nårstad pluss tre 
generasjonar: Ailo Soma Nårstad (10), Audun og Lars.

Kvar gong eg kastar eit blikk på Hjelmelandsfjorden, ser eg denne evindelege ferja på veg til Ombo. Ka i all verda skal den der borte til alle tider? Mange ergrar magesår på seg av desse ferjene inne på Hjelmeland. Dei går tomme til Ombo når det står kilometervis med bilar i kø på Nesvik. Det finst ikkje folk på Ombo. Ka skal dei med ferja der?


Du har kanskje høyrt klagesongen du også? Men det løgnaste er at når du då skal ta med deg bilen frå Hjelmeland til Ombo! Kor er ferjå då henne? Då går den att og fram til Nesvik i timavis. Me nådde ikkje den i halv tolvtida her ein føremiddag. To timar måtte me venta på neste avgang til Skipavik på Ombo.


Framme på Skipavik. Minst ti bilar skal andre vegen. 


Det ville vera direkte pinligt å ta ferja frå Hjelmeland til Ombo berre for å reisa gratis. Eg måtte finna eit aktverdig ærend for turen til den nest største øya i Rogaland.


Plutseleg kom eg på det. Mor mi fortalte i min barndom at den ein gong så svære Nato-generalen Laurits Norstad som rett nok var amerikaner, stamma frå Ombo.


Laurits Norstad - Nato-sjef i Europa
frå 1956 til 1963.


Denne "ombobuen" var øverste sjef for Nato-styrkane i Europa frå 1956 til 1963. Han var utnevnt av president Eisenhower og fekk behalda stillinga i Kennedy sin president-periode.


Ein slik svær mann som både ombobuar og andre ryfylkingar var krye av på den tida. Tenkja seg til ka det kunne bli av oss innante. Viss me berre kom oss ut.


Overskrift i Aftenbladet 3. mars 1951.


Lars Nårstad heitte bestefaren til Nato-generalen. Han tok i 1873 med seg kona Ingeborg  og drog til Iowa i USA. Der slo dei seg ned som farmarar. Dei fekk sju barn. Fem av dei vaks opp. Den eldste sonen blei prest i Minnesota. Han blei far til Laurits, den vidgjetne generalen. Nå var etternavnet blitt Norstad. Du vett amerikanarane hadde ikkje bokstaven å.


Då eg kjørte i land på Ombo, gjekk vegen rett til Nårstad. På førehand hadde eg peila meg inn på Nårstad-folk. Brørne Ole Dagfinn og Per Nårstad hadde eg snakka med på telefon. Dei var førebudde på besøk på Nårstad. Her dukka det opp ein tredje broder Nårstad også. Tenk det du! Tri vaksne karar som ville møta meg. Forresten det blei berre to. Ole Dagfinn var i Sauda akkurat denne dagen.


Eg hadde notatboka med. Klar til å skriva ned alt dei visste om fir- og fem-menningar i USA og kven på Ombo som hadde general-blod i årene.


Men akk! Det finst ikkje ein einaste mann på Ombo som kan kalla seg slektning av Nato-general Laurits Norstad. I Erfjord og i Sauda, derimot, kan du sikkert finna rikeleg med "blodspor" etter mannen.


Lars Norstad kom frå husmannsplassen Ormannsvika under garden Sandvik. Foreldra var så fattige at forsorgsvesenet i Jelsa-soknå måtte ta seg av Lars og systera. Dei blei bortauksjonerte til dei som skulle ha minst for å ta seg av dei. Guttungen Lars fekk det godt hjå det barnlause ekteparet på Nårstad og tok deira etternavn. Som vaksen gifta han seg med Ingeborg, tjeneste-jenta på garden, og dei reiste til USA i 1873.


Ikkje i nærheten av slektskap på Nårstad i dag. Ka hadde dei då å slå i bordet med?


Fjøla med Lars Norstad sine bokstavar havna i USA. Foto: Ole Dagfinn Nårstad.


Generalen sin bestefar, Lars, hadde sett spor etter seg før han reiste. Han var flink med tollekniven og skreiv navnet sitt og initialar på ei fjøl i løa. Då løa blei riven, tok Ole Dagfinn Nårstad vare på fjøla. Men trur du han har den i dag? Den fauk til USA i 1999. Då kom det Norstad-etterkommarar til Ombo. Dei fekk fjøla. Men dei hadde eit bilde igjen av fjøla på Ombo.


Slik enda generaljakta vår på Ombo.


Men det var lenge til neste gratis-ferja frå Skipavik. Me kjørte over til det som hjelmelandsbuar kallar vrangsida av Ombo. Her er det vegar i alle retninga.


I sakte fart gjekk turen mot Jørstad og seinare mot Eidssund.


Jarleiv Langvik - min skulekamerat frå Kongsgård.


Plutseleg såg eg ein mann med ugras-sprøyta på ryggen. Hei! Det var noko kjent med han. Min gamle studie-kamerat frå realskulen på Kongsgård frå 1964 til 1966, Jarleiv Langvik. Ikkje berre Alexander Kielland og Arne Garborg har gått på den fine Stavanger-skulen. Me innante-guttar gjekk også der. Den pensjonerte ferjeskipperen på Ombo er jo bonde også. Forresten driv han og skiprar ein del ennå.


Det gjekk ikkje ei krona på Ombo-turen, før me kom til blomstergartneriet til Ragni og Henry
Ådland på Eidssund.


Så langt hadde det ikkje gått med ei einaste krone på Ombo-turen. Det tok den kvinnelege delen av reisefølget seg av då me kom til gartneriet til Ragni og Henry på Eidssund. Før eg fekk sukk for meg var det fullt av blomster i bilen. Slike gratisturar blir lett dyrare enn ein hadde rekna med.


Slik enda general-jakta i fyrste omgang. Men min venn i Aftenblad-arkivet, Leiv Åmund Hoftun, har sendt meg ein mengde med general-stoff frå 1950-talet. Det kjem i neste blogg.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar