lørdag 5. august 2023

Du kan ikkje grina med grøn Chevrolet!


Ola Vormeland kjørte grøn Chevrolet med gule hjulkapslar i 17 år. Her har kona Liv, fotografert
mannen før han leverte bilen til ny eigar i 1973.

 

Stor stas då det kom lastebil til gards på Vormeland ein haustdag i 1956. Ola Vormeland hadde vore i Stavanger og handla seg bil. Ein liten grøn Chevrolet lastebil, 1947-modell, med gule hjulkapslar. Ikkje heilt ny, rett nok, men ligavel.


For å skaffa pengar til bilkjøpet, selde Ola selde ein stor, amerikansk Indian motorsykkel - ein 1200-kubikker.  Den hadde bilde av ein indianer på bensintanken. Ingen andre på våre kanter hadde eit slikt framkomstmiddel. 


Søndagskveld i Tøtlandsvik i 1965. Signe skal ta rutebåten til byen. Til venstre: Liv, ukjent, 
Signe med kuffert, Astrid nesten skjult og Jorunn. Ferjekaien er nettopp tatt i bruk. Det er ikkje
asfaltert ennå. Hytta på lasteplanet kan skimtast. Pølsebua til Odit Hetlelid i bakgrunnen.


Det var ikkje rare vegen til Vormeland i 1956. Men dei var ikkje veglause. Ola hadde sikkert blitt sur viss eg hadde kalt Vormeland ein fjellgard. Men garden låg 300 meter over havet, rett opp frå Tøtlandsvik. Det var ein stupbratt veg ned til sjøen. Vormelandsbrekkå blei den kalla. Der gjekk folk opp og ned, men bilkjøring var uaktuelt. Brekkå ned til Tytlandsvik blei mykje brukt. For folka på Vormeland var kunder hjå handelsmannen i Tøtlandsvik og tok rutebåten herfrå når dei skulle til byen.


Bilvegen til Vormeland var ein avstikkar frå Fundingslandsvegen. Ein rekna til saman 7-8 kilometers veg frå riksvegen i Vormedalen til Vormeland.


Astrid og Signe fekk skyss frå skulen etter Signe sin  siste dag på folkeskulen i juni 1962.


- Far min var ingen rutinert sjåfør då han kom heim med bilen. Derfor hadde han med seg sin yngste bror, Hjalmar, på turen frå byen. Det var han som kjørte den siste etappen frå høgdedraget ovanom Vormeland og ned den svingete og smale vegen til gards, fortel Jorunn Vormeland som berre var tre og eit halvt år då Chevroleten kom til gards.


Men ho hugsar det godt, seier ho i dag. Nokre veker tidlegare hadde nemleg familien vore i byen og vore hos fotograf. Faren hadde med seg ferske bilde av yngstejenta heim frå byen.


Ola Vormeland var fast service-kunde på Tasta Bil og Mek. på Tasta i Stavanger. Hugo Gudmundsen
til høgre sjekkar motoren. Den andre mannen har eg ikkje navnet på.


Vormelandsbilen var litt mindre enn dei fleste lastebilane. Ola kalte den ein åpen varebil. I dag ville ein truleg sagt at dette var ein pick-up, men den slags biltypar var det ingen som hadde høyrt om på 1950-talet.


Chevroleten blei brukt til å frakta mjølsekker og kraftfor og all slags andre varer heim til Vormeland. Far sjøl var med i styr og stell i åravis. Han var varaordførar ein periode og formann i styret for Hjelmeland Sparebank fleire år. Derfor var både han og den grøne lastebilen ofte å sjå i Hjelmelandsvågen.


Men bilen blei aldri nokon skuleskyss for dei tre systrene frå Vormeland, Signe, Astrid og Jorunn. Dei gjekk på skule oppe i Vormedalen. Dei måtte fyrst ta seg ned den stupbratte Vormelandsbrekkå til Tøtlandsvik. Deretter traska dei tre kilometer på vegen opp til Vormedalen skule som var plassert, ved Sveivhølsbrua, der Fundingslandsvegen tok av frå riksvegen. På svartaste vinteren gjekk jentene heimanfrå halvannan time før skulen starta.


Lastebilen ved den nye brua over Vorma. Her går vegen til Fundingsland i dag. Har nokon
årstalet for når brua var ferdig?


Ola Vormeland hadde laga ei hytte som han kunne setja bak på lasteplanet når heile familien på fem skulle ut på tur. Då sat Jorunn og mor Liv framme i styrehuset. Systrene Signe og Astrid blei plasssert i hytta bak.


- Eg missunte systrene mine som sat bak i hytta, hugsar Jorunn.


Turen til juletrefesten på Vormedalen bedehuset i 1962 er den Chevrolet-turen som Jorunn hugsar som spesiell. Det var snø og svinkaldt. Eldste systera, Signe, var ikkje heime. Resten av familien drog av garde frå Vormeland. Men dei var ikkje kommen så langt før det kom ein hare sprettande over vegen. Ola kvapp og bilen havna i grøfta. Og dei kom ikkje derifrå utan hjelp.


- Far føreslo at me skulle gå heim og avlysa heile festen. Men me nekta plent. Det enda me at mor, Astrid og eg gjekk alle kilometrane til juletrefesten utan å vera skikkeleg kledd mot kulden. Far måtte heim og ringja for å få hjelp av ein kjenning med traktor for å få bilen på vegen igjen. Han var på plass på bedehuset i god tid før juletrefesten var slutt, fortel Jorunn.


Den grøne Chevroleten med dei gule hjulkapslane blei på Vormeland til 1973. Ola Vormeland selde bilen til Jon Helgeland frå Erfjord.


- Eg hugsar at me såg den gamle bilen vår i ein garasje i Erfjord ein gong med var ute på tur. Me stoppa og studerte den gjennom ei glipa mellom garasjedørene, fortel Astrid.


Den sjeldne bilen enda omtrent som dei fleste gamle bruksbilane på den tida. Motoren blei visstnok teken ut og brukt til å driva ei sag. Resten av bilen enda på ei røys i Erfjord.


Ola Vormeland bytta nå til folkevogn. Ei kvit bobla som ingen kan hugsa i dag. Men dei flotte bilda som han tok av den grøne lastebilen, kan me gleda oss over så ofte me vil.


Etter at denne bloggen var publisert, har Morten Vatland sendt meg meir opplysningar om kjøretøya til Ola Vormeland: 


I 1947 kom det veldig mange slike nye Chevrolet til Norge. De var en del av Marshall-hjelpen fra USA etter krigen. Mesteparten av hjelpen var rene penger, men det ble også sendt over mange slike små Chevrolet lastebiler, da disse trengtes sårt.


Tyskerne hadde jo beslaglagt store deler av den norske lastebilparken og slitt bilene helt ut under krigen. Staten solgte alle disse bilene som kom fra USA og fikk inn enda mere penger til oppbygging av landet.


Ola Vormestrand sin bil hadde ikke gått i Norge før, ettersom den ble bruktimportert fra Sverige, våren 1956. Chevroleten veide 1500 kilo og kunne frakte 600 kilo med last, slik at tillatt totalvekt endte opp på 2100 kg.


Vormeland kjøpte den sannsynligvis hos en forhandler i Stavanger. Flere av dem handlet inn bruktbiler fra Sverige, siden det der fantes et bedre utvalg.


Indian motorsykkelen kjøpte han allerede i 1947. Den ble solgt til Ragnvald Bjordal fra Vikeså i mai 1958. 


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)


På dette gamle bilkartet kan du sjå både Vormeland og Tøtlandsvik og vegane som var i bruk.
Som du ser var ikkje vegane til Nesvik og Vadla ferdige langs fjorden då kartet blei laga. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar