tirsdag 25. juli 2023

Ferjemannskap på fjellgarden Vormeland!

Ferjekarane på besøk på Vormeland. Frå venstre: Gulleiv Norheim, Øystein Øye, Olav Erøy,
Liv og Signe Vormeland.

 

Tenk det du! Heila mannskapet på «Jøsenfjord-Ferjen» i stova på garden Vormeland, 300 meter over Tøtlandsvik der ferja låg med kai. Det er ikkje tvil om at kaptein Olav Erøy, billettør Gulleiv Norheim og maskinpassar Øystein Øye var på jobb. Koss kunne dei ha havna i stova hjå Ola på Vormeland.



Kaptein Olav Erøy til rors på ferja. Han styrer med pinnen han held i høgre hand. Rattet var
stort sett til pynt.


Ola Vormeland, bonde og amatørfotograf, fekk eit godt forhold til ferjefolka på Jøsenfjorden. Han hadde naust i Tøtlandsvik og var ofte ute og fiska. På «Jøsenfjord-Ferjen» var han innom rett som det var. Det går tydeleg fram av bildesamlinga hans.


Om det var Ola som hadde invitert dei på besøk eller om dei kom på eige iniativ er ikkje godt å vita. Dei var heilt sikkert velkomne uansett.


Den nye «Jøsenfjord-Ferjen» blei sett inn i ferjesambandet mellom Tøtlandsvik og Vindsvik som blei åpna i juli 1965. Ei storhending for alle oss innante som budde i desse traktene. Og erfjordbuane som jobba på ferja blei jo reine kjendisane.


Olav Erøy var fyrste kapteinen på «Jøsenfjord-Ferjen». Han hadde tidlegare vore kaptein på «Årdalsfjord». Dei to andre som han hadde med seg, Gulleiv Norheim og Øystein Øye, hadde tidlegare vore på «Hjelmelandsfjord» i mange år.


Frå salongen. Frå venstre: Øystein Øye, Olav Erøy og Sigmund Øye.

Forklaringa på Vormelandsturen? Dei fyrste åra var det ikkje mange avgangar frå Tøtlandsvik i vinterruta. Dei hadde mykje liggetid på kveldane. Ferjekarane var jo ikkje kjende i landskapet på sørsida av Jøsenfjorden. Dermed var det ei "forvedå reis" med ein biltur til Vormeland.


Ein av ferjekarane har nok hatt bilen med seg og så har dei kjørt opp til Vormedalen og så vidare til Vormeland. Dette er ei mils veg frå Tøtlandsvik. Det er ingen grunn til å tru at dei tre erfjordbuane gjekk opp den stupbratte Vormelandsbrekka.


Øystein Øye i maskinrommet. 


Interiørbilde frå ferjer og fjordabåtar er det som oftast skralt med. Ola Vormeland har sørga for viktige bidrag frå «Jøsenfjord-Ferjen» frå styrehus, salong og maskinrom.


Frå fjellknausen Litla Aksla oppe på Vormeland tok han mange bilder (omtrent flyfoto) av ferja på veg til ferjekaien i Tøtlandsvik.


Ferja på veg til kai. Bildet er tatt i andre halvdel av 1960-åra. Den gamle rutebåtkaien ligg
bak ferjekaien. Krambua til Johannes Tytlandsvik er stadig i drift. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar