onsdag 5. juli 2023

Riv den gamle sjiden!

 

Mange tilskuerar då det gamle handelslagsbygget blei jamna med jorda. Frå venstre: Endre Nordbø, Bjarne Bjelland,  Terje Ove Breiland, Gunnulf Sande, Jakob Sande, Leif Strand, Johannes Jørmeland. Foto: Georg Vika. 


Med dunder, brak og dieseldur blei det gamle, ærverdige trehuset i Hjelmelandsvågen jamna med jorda. Tilskuarane gjorde rett nok store auer då den store gravemaskinen sto og vifta med "snabelen" sin inne i bygget, men ingen av dei felte ei tåre.


I august 1987 var det nye tider med stål og betong. Det meir enn 100 år gamle huset der Hjelmeland handelslag hadde drive handel sidan 1917, måtte vekk. Postkontor og telefonsentralen hadde også hatt plass her tidlegare.  Bakeriet til handelslaget låg vegg i vegg med det same bygget. Bakeriet var også jamna med jorda. Siste bakaren, Kjell Børve døde i 1985, berre 53 år gammal.


Nybygget som skulle overta plassen, var alt under bygging då gravemaskinen jamna det gamle
bygget med jorda. Foto: Georg Vika. 



Årsaka til at gravemaskinen gjekk laust på det gamle trehuset akkurat i 1987? Eigaren Økonom hadde inngått ein samarbeidsavtale med Hjelmeland kommune om eit nytt bygg. Kommunehuset var blitt for lite. Nå skulle det lagast eit nytt bygg der kommunen skulle få meir kontorplass. Det gamle huset måtte vekk. Handelslaget sitt gamle, forfalne sjøhus på kaien blei også rive i desse tider.


Då handelslaget starta med nymotens sjølbetjeningsbutikkk i 1967 i tilbygget med flatt tak, blei det tidlegare så ærverdige bygget nytta til varemottak og lager.


I 1985 gjekk Hjelmeland handelslag inn i samvirkelaget Økonom i Stavanger.


- Nå blei butikkane ute i distrikta styrt frå byen, seier Endre Nordbø (76). Han arbeidde tilsaman nærare 20 år i handelslaget og Økonom. I 1985 då laget gjekk inn i Økonom, var han handelslagsbestyrar. Deretter var han avdelingsleiar fram til han slutta i 1988. Seinare jobba han på rekneskapskontor fram til han blei pensjonist.


Fyrstesida på Bygdaposten 14. august 1987.
 

I 1987 var det ikkje mange som kritiserte at dei gamle husa i Vågen blei rivne. 


- Ei utflytta hjelmelandsdama var innom på kontoret mitt og sa seg lei for at så mykje av den gamle Vågen blei borte. Dette er den einaste negavtive reaksjonen eg kan hugsa frå den tida, seier Endre Nordbø (76) i dag. 


Enok Stangeland heitte mannen som bygde det store huset i Vågen. Han kom frå Høyland og slo seg til som landhandlar på Hjelmeland i 1864 og dreiv det stort både med forretningsdrift og skipsbygging. I det nye huset hans var det både krambu og bustadhus for han og familien. Her var det også losji for arbeidsfolk på verven hans.


- Stangeland let seg riva med av den optimistiske tidsbølgja. Fleire gjorde gode pengar på å byggja seilskuter. Stangeland satsa også på skipsbygging sjølv om han ikkje hadde erfaring med den slags før, står det i Njål Tjeltveit si bok "Hjelmelandsvågen".


Flyfoto av Hjelmelandsvågen på fyrste halvdel av 1950-talet. Rutebåten "Sand" ved kai.



Det blei stor aktivitet i Hjelmelandsvågen då skipsbygginga starta. Folk strøymde til då skutene blei sjøsette. Men då den tredje skuta var under bygging midt på 1870-talet, kom omslaget. Storhetstida for seilskutene var slutt.


Enok Stangeland som hjelmelandsbuane hadde fått slik ei tru på, gjekk konkurs og måtte reisa frå Hjelmeland i vanære i 1878. Kort tid etter drog han med familien sin til USA.


Seinare kjøpte handelsmann Daniel Halvorsen Stangeland-huset og dreiv krambu der. Han selde huset til Hjelmeland handelslag i 1917. Då "shopping-trollet" (jfr: forrige blogg) blei sleppt laust i Vågen i 1967, hadde handelslaget vore der i 50 år.


Så det store, ærverdige trehuset hadde stått i Vågen i godt over 100 år den dagen då gravmaskinen jamna det med jorda i 1987.


I 1999 var det slutt på Hjelmelandsvågen si tid som handelssenter. Då flytta Økonom butikken sin til Sandetorjå ved ferjekaien på Sande. Den andre butikken i Vågen, Sigv. Tomstad, flytta til nytt bygg på Prestagarden vinteren 1980.

(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar