onsdag 19. juli 2023

«Ulla- Førre» - HSD-ferja som blei anleggsarbeidar

 

«Ulla- Førre» ved kai i Hauavika i Jøsenfjorden. Kaptein Odd Viga ermannen med lys skjorte midt i bildet.
Mannen med topphua til venstre, er Peder Kleppa, svigerson til fotografen.  Foto: Ola Vormeland.
 

Ferja «Ulla- Førre» kjem pluseleg seilande når du ser gjennom den mangfoldige foto-samlinga etter Ola Vormeland. Han var ein ivrig amatør-fotograf og tok foto-apparatet med seg når han var ute på farten. Bilda er stort sett av god kvalitet og mange av dei er av lokalhistorisk interesse.


Dei som er skikkeleg interessert i gamle ferjer og fjordabåter vil kjenna igjen den tidlegare HSD-ferja «Huglo» når dei ser dette fartyet. «Huglo» blei bygd ved Stord Verft i 1962. Denne ferja var på 155 bruttotonn og 27 meter lang. Den hadde ein Wichmann dieselmotor på 300 BHK.


«Huglo» som ny i 1962. Teikning: Bård 
Kolltveit.


Ferja blei sett inn i ruta Løfallstrand-Gjermundshamn og Jektavik-Flatråker-Nordhuglo. Frå 1973 gjekk ho i ruta Jondal-Tørvikbygd og somrane 1975, 1976 og 1978 i ruta Hatvik-Venjaneset, står det å lesa på Wikipedia.


«Ulla- Førre» på veg frå Førre til Hauavika.
Fotografert frå Pæralia.


I 1980 kvitta HSD seg med den 18 år gamle ferja. Simon Møkster i Stavanger kjøpte «Huglo», men selde den raskt vidare til Hans Norland på Jørpeland. Ferja skifta nå navn til «Ulla-Førre».


«Ulla-Førre» fotografert frå Førrejuvet.


Med Odd Viga frå Hjelmeland som skipper blei ferja bortleigd til Statkraft som hadde eit større anleggsarbeid gåande i veglause Førre heilt i botnen av Jøsenfjorden. Der blei ferja gåande i årevis mellom Førre og Hauavika og Vadla. Den grove, godslege kommando-røysta til kaptein Viga gav godt ekko mellom dei høga fjella og blei ein del av dagleglivet i fjorden.


Ola Vormeland med raude buksselar om bord i anleggsferja. Dei andre karane er nok 
resten av reisefølgjet. Peder Kleppa heilt til høgre. Kjenner ikkje navna på dei andre. 


Av dei sparsomme notata til Ola Vormeland ser det ut til at han var med i ei gruppe som skulle på oppmålingsarbeid i samband med at dei skulle ha erstatning for Kviånå som var berørt av Ulla-Førre-utbygginga.


Dei spektakulære bilda av ferja i fart er tekne frå fjella på begge sider av fjorden. Ferja blei gåande mellom Førrebotn og Vadla så lenge anleggsarbeidet pågjekk.  I 1987 var Jøsenfjord-farten slutt og «Ulla-Førre» forsvann frå Ryfylke.


Den gamle «Huglo» skal stadig vera i drift. Nå går den i skjergarden utanfor Åbo i Finnland med navnet «Isla».


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar