søndag 16. juli 2023

Den "norske" Nato-generalen fekk Aftenbladet til å gå av skaftet

 

Norstad-feberen toppa seg med besøket på Sola i september 1951. Der møtte han mange
av sine slektningar. Han smilte like naturlig som ein saudabu, sto det i avisa. 


Fyrste-sida blei rydda og skriveglade journalistar blei mobilisert då Aftenbladet i mars 1951 oppdaga at den nye sjefen for alle amerikanske luftstyrkar i Europa, general Laurits Norstad, stamma frå Ryfylke. I Aftenblad-redaksjonen jobba dei på den tid etter følgjande motto: "Me gjer verda mindre og Rogaland større".


Det var berre seks år sidan krigen var slutt. Den kalde krigen var aldri kaldare enn på den tida. Men alle i Norge stolte på at amerikanarane ville berga oss viss russarane kom. Klart det friska opp med ein ombo-bu i all denne krigselendigheta.


"Atlantpaktens nord-kommando får hovedkvarter i Stavanger?" Dette var toppsaka i Aftenbladet 3. mars 1951. Dei hadde jo eit spørsmålstegn til slutt, men likevel. Ei skikkelig sak. Rett under kom nyhet nummer to: "General Laurits Norstad stammer fra Jørstadvåg". Her var det ikkje spørsmålstegn.


Med dette Aftenblad-oppslaget starta Norstad-feberen.


I dag, 72 år seinare, er det lett å sjå at det gjekk litt fort i svingane i Aftenblad-redaksjonen. Dei hadde ikkje mobiltelefonar den gongen. Ikkje elektriske skrivmaskiner ein gong. I avis-bransjen blei denne epoken seinare kalt for bly-tiå.


Aftenbladet snakka med Peder Nårstad på Ombo. Han var 67 år gammal og var ikkje i tvil om at far til generalen, Lars, hadde vokse opp på Nårstad-garden. Han fortalde at Lars kom frå små kår i Erfjord. Forsorgsvesenet måtte ta seg av han og syskena. Dermed kom Lars til Anna og Johannes Nårstad på Ombo. Det barnlause ekteparet blei pleieforeldra hans. Han vaks opp på garden og han gifta seg med tjenestejenta, Ingeborg, som kom frå Sauda. Dei reiste til Amerika i 1873 og levde som farmarar i Iowa.


Lars og Ingeborg hadde vore tilbake i Norge i mellomkrigstida opplyste Peder Nårstad til avisa. Dei hadde med seg ein liten gutt som Peder meinte å hugsa at dei kalla Lauris. Dette var ein oppvakt gutt som Peder godt kunne tenkja seg blei noko stort i livet.


Her ser du både besteforeldra og 
far til generalen på fyrstesids
på Aftenbladet.


Ikkje alt var korrekt i denne artikkelen. Men tenk koss det var i den tida. Aftenbladet var ei middagsavis. Journalistane kom på jobb i åtte-tida på morgonen og skulle laga dagens avis. For å komma i kontakt med ein Ombo-bu, måtte dei bestilla rikstelefon og kobla seg fram via diverse telefonstasjonar til Jørstadvåg. Der fekk journalisten Peder Nårstad i tale. Han hadde ikkje hatt all verdens tid til å førebu det han opplyste om denne Lars som hadde reist til Amerika. Og jounalisten hadde berre en liten time til å skriva Norstad-artikkelen. Deadline var klokka ti. Papiret med artikkelen måtte forvandlast til blysats og så vidare til trykking. I tolv-tida var Aftenbladet på gata.


Artikkelen blei godt stoff og lesen grundig. Det blei ein mengde reaksjonar og grunnlag for mykje meir godt Norstad-stoff i tida etterpå. For det var ikkje faren til generalen som kom frå Ombo. Det var bestefaren. Og sjølv om det ikkje var general-slektningar på Ombo, fanst det slekt i søkk og kav andre stader i Rogaland.


Generalen vil møta ein hær av slektningar i Rogaland, skreiv Aftenbladet neste dag. Besteforeldra og faren, presten Martin, pryda fyrstesida.


Ingeborg, farmora til generalløytnanten, var av den tallrike Løyning-ætta frå Sauda som hadde greiner over heile Rogaland. I 1948 hadde dei hatt eit slektsstevne i Strand og året etterpå eit med 150 deltakara i Sauda.


Det var rett at Ingeborg og Lars hadde vore tilbake i Norge. Men det var ikkje i mellomkrigstida, det var i 1900. Gutten som dei hadde med seg, var den fire år gamle pleiesonen Victor. Han døydde seinare av difterie, sto det vidare i artikkelen.


Trur du Aftenbladet gav seg med denne grundige artikkelen om forfedrar og slektningar av Nato-generalen. Nei, du!!


Aftenbladet hadde utsend medarbeidar på Ombo.



"Eg ska' seia han Lars kunne med tolekniven", står det det på toppen på fyrstesida dagen etterpå. Ein av Aftenbladet sine journalistar har teke turen til Jørstadvåg på Ombo. Han har møtt Peder Nårstad som har vist dei alle dei flotte bokstavane som bestefar Lars har skore inn i treverket inne i kvernhuset som ennå sto på garden.


Journalisten fortel også korleis han kom seg fram til Nårstad i mars 1951: "Nårstad ligg i hjarta av Ombo, kan ein seia. Tek ein båt til Jørstadvågen, på nordvestre luten av øya, går det innetter. Med bil kan ein køyra oppetter, framom Hetletveit og Bjerga til Vatland. Der må ein stiga av og vassa i snøen halvannan kilometer eller så fram til Nårstad-garden. Veg vantar på dette siste stykket".


Norstad-feberen toppa seg då general Laurits Norstad for fyrste gong i sitt liv kom til Sola saman med den norske forsvarsministeren Jens Chr. Hauge. Ein svær flokk med slekningar var på plass for å helsa på den berømte slektningen. "Generalløytnant Norstad smilte naturlig som en saudabu" fastslo Aftenbladet på førstesida.


Nato-generalen opplyste at han ikkje kunne snakka norsk lenger, men han beherska fraser som "God dag" og "Takk for maten". Som guttunge forsto han når preste-faren preika på norsk i kyrkja i Minnesota. Men nå var norsken  borte.


Laurits Norstad var fødd i 1907 i Minneapolis i Minnesota. Han døde i Tucson, Arizona i 1988. Frå 1951 var han sjef for NATO sitt flyvåpen i Europa og 1956 til 1963 var han sjef for NATO sine militære styrkar i Europa.

Ikkje alle Aftenblad-lesarane let seg riva med i den voldsomme dekninga av Rogaland sin eigen NATO-sjef. Dette lesarbrevet viser det:


Denne lesaren meinte tydelegvis at
Norstad-dekninga blei voldsom.


(Viss du vil dela bloggen med dine venner på facebook, kan du trykka på facebook-logoen rett nedanfor her og dela i vilden sky.)












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar