Kommunehuset under bygging sommaren 1961. Foto: Georg Vika. |
Med Norges største dør på plass og dei blankaste bord du kunne tenkja deg sto kommunehuset i Hjelmelandsvågen fiks ferdig i 1963. Ja, hjelmelandsbuane var redde for at ordføraren ikkje ville våga å bruka klubba si på så fine bord i kommunestyresalen, sto det i Aftenbladet.
Kommunehuset i Hjelmelandsvågen i dag.
Det meste av huset var teke i bruk i løpet av 1962, men finpussen i og rundt det nye huset skjedde i løpet av 1963. Åpningsfesten gjekk av stabelen 12. desember 1963 med alle vikige aktørar på plass. Til og med Astrid Tuntland, ordførar Georg Vika sin livslange kjærast, var mellom gjestene.
Oppslaget i Aftenbladet 3. desember 1962.
Nå var det endeleg slutt på det kummerlege tilværet for dei kommunale kontora i forkjellige stover kring i privathus i Vågen. Det nye kommunepalasset husa trygdekasse, folkeboksamling, post, telefon, festsal, formannsskapssekretær-kontor, likningskontor, formannskapssal og kommunestyresal. Og Hjelmeland Sparebank i tillegg. Banken var ein viktig partner ved finansieringa av bygget. Det var forresten også eit venterom for tilreisande i kommunehuset. Rommet hadde utgangsdør mot moloen.
I Aftenbladet sto det at det nye huset slett ikkje sto tilbake for korkje Sola eller Høyland sine, utan at hjelmelandsbuane ville bresa seg med rådhus-navnet for det.
Heilt sidan den fæle flaumen for med kommunehuset på Hjelmeland i 1940, hadde dei levd med provisoriene. Men nå sto det nye huset klart. Det blei dyrt. 850 000 kroner var kalkylen i februar før arbeidet starta. 820 000 kroner hadde formannskapssekretær Kristoffer Torsen betalt ut i desember 1962, men då gjensto det golvbelegg for 30 000 kroner, litt elektrisk installasjon og arbeidet med å laga eit høveleg rådhustun.
Byggjesummen høyres ikkje stor ut i dag, men skatte-inntekta var ikkje på meir enn 670.000 kroner, netto. Pluss dette skulle ein også byggja ny Solvang skule som skulle bli nesten like dyr: 800.000 kroner rekna dei med til skulebygget som var ferdig hausten 1963. Den er for lengst riven for å gi plass til hotell.
Det var AS Betong som fekk arbeidet med råbygget på kommunehuset. Dei skulle ha 318.975 kroner for oppdraget. Endre Aarreberg var arkitekt.
Det har skjedd store endringar sidan 1963. I dag blir kommunehuset brukt til kontorer for ordførar, komuneadministrasjon og prosjekt-avdeling for økonomi og it. I tillegg er det kantine der post og telefon held til. Hjelmeland Sparebank har fått eige bygg på Prestagarden. Formannskaps- og kommunestyresal er stadig på plass, men Norges største dør er borte.
Hjelmeland kommune overtok seinare handelslaget sitt bygg på andre sida av vegen og sette opp eit nytt bygg der. Der er det plass til kulturavdeling, bibliotek, planleggingsavdeling, frivilligsentral, vaksenopplæring og så vidare.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar