mandag 22. mai 2023

Ertersuppe-sambandet over Jøsenfjorden

 

Odit Hetlelid var suppekokk på "Jøsenfjord-ferjen" i 1981. Foto; Kjell Geithus.

Den fantastiska ertersuppa er det viktigaste minnet folk har om «Jøsenfjord-ferjen». På facebook la eg ut eit uskuldig bilde tatt i det ferja gjekk frå Tøtlandsvik ein gong rundt 1980. Det utløyste eit hav av likes og ein flaum av ertersuppe-meldingar. Folk lovpriste suppa som blei servert på den 13 minutt lange turen over Jøsenfjorden frå Tøtlandsvik til Vindsvik.


Kanskje ikkje så rart at det kunne smaka godt med litt varmt i livet etter å ha venta i sju lange og sju breie i ferjekø i Tøtlandsvik på ein fredag ettermiddag for å komma seg vidare til forjetta hytteland litt lenger inne i Ryfylke.


Erfjord-jenter i kvardagsbunad var i kiosken på "Jøsenfjord-ferjen" i 1966. Her er
Bjørg Erøy ein tur på brua med ferjeførar Bjarne Lilledal og billettør Reidar Eiane.
Lilledal og Eiane var begge ferievikarar.  Foto: Olav R. Hauge.

Både «Jøsenfjord-ferjen» og ferjesambandet Tøtlandsvik – Vindsvik er forlengst ute av soga. Ferjesambandet eksisterte frå 1965 til 1990. «Jøsenfjord-ferjen» blei for liten etterkvart og blei flytta frå Jøsenfjorden i 1986. Eg trur at den unike ertersuppa forsvann med den trufaste ferja. Men dei mange ertersuppe-minna kjem til å leva i mange år ennå.


- Vi har våre suppeknep, er overskrifta på eit heilsides oppslag i Rogalands Avis frå 29. august 1981. Her er Odith Hetlelid avbilda og presentert som suppekokk på ferja. Mange hugsar den blide Odith som kiosk-dame i Tøtlandsvik, men denne kiosken blei nedlagt og dermed havna ho som kokk på ferja.


I denne avis-artikkelen står det at den innarbeidde suppe-tradisjonen var i ferd med å avgå med døden. Men eit opprør frå dei reisande redda dette tilbodet. Odith tok seg av suppe-kokinga i kiosken i salongen under bildekket.


I 1981 kosta suppa servert i ein papptallerk og slurpa opp med plastskei fem kroner og femti øre.


Ferietrafikk i Tøtlandsvik ein gong etter 1976. "Jøsenfjord-ferjen" fekk DSD-skorstein
dette året. Fotograf ukjent.

- Det ville vera feil å påstå alt alle ferjereisande kjøpte suppa til Odith, men mange av dei kasta seg over denne delikatessen, sto det i RA.


Eg hugsar for min eigen del at dei fyrst somrane var det smilande Erfjord-jenter i kvardagsbunad i kiosken på «Jøsenfjord-ferjen». Dei reiste av garde og skulte seg på vintrane. Då var det trauste mannfolk som Øystein Øye og Gulleiv Norheim som tok seg av kiosk-salget på overfarten. Om dei serverte suppa, hugsar eg ikkje.


I ein sommarreportasje i Aftenbladet 4. juli 1979 har reporter-teamet reist gjennom Ryfylke. Dei snakka med Marta Erfjord som var i kiosken den sommaren.


- Passasjerane er hyggelege og mannskapet er som ein stor familie. Det kan vera mykje å gjera og lange dagar, men etter to dagar på jobb er det to dagar fri, fortalte Marta Erfjord til Aftenbladet som ikke spanderte bilde av Erfjord-jenta i avisa.


Dette var det eg fann i gamle aviser om ertersuppa og livet i kiosken på «Jøsenfjord-ferjen».


Avgang Tøtlandsvik i 1980. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar