torsdag 18. mai 2023

Festen for ferja med bastard-navnet

 



Den nye ferja i ferd med å sleppa i land dei inviterte gjestene på Hjelmelandskaien. Gjestene
har vore med på overleveringa i Jøsenfjorden og skulle på middag i kommunehuset. 
Foto: Georg Vika.


Ein fylkesmann med tversover-sløyfa og andre storkarar med slips og frakke tok seg fram mellom melkespanna på rutebåt-kaien i Hjelmelandsvågen. Dei gjekk i land frå den flunkande nye «Jøsenfjord-Ferjen» som nettopp var overlevert til Jøsenfjord Rutelag frå Gravdal skipsbyggeri i Sunnhordland. Festdagen skulle nå avsluttast med middag på Hjelmeland kommunehus.


Ein storarta dag, 13. juli 1965. Det blei flagga over heile Hjelmeland. Neste dag skulle ferja setjast inn i ordinær drift over Jøsenfjorden mellom Tøtlandsvik og Vindsvik. Ryfylkevegen kunne endeleg åpnast for trafikk etter 30 år med planar, draumar, lengting, krav og krangling.


Det gjekk seint då den flunkande nye ferja skulle inntil rutebåt-kaien
i Hjelmelandsvågen. Foto: Georg Vika.


Ikkje rart at alle vanlege hjelmelandsbuar som hadde tid, tok seg ein rask tur nedom kaien for å sjå på det nye vidunderet som låg ved rutebåtkaien i Vågen. Ikkje sikkert at alle var like imponerte av den nye ferja som det hadde vore så mykje snakk om. Den kunne ikkje måla seg med Tau-ferja verken i fart eller fasong.


Og så dette bastard-navnet! Det var nynorsk-hovdingen Johan Veka frå Suldal som lanserte dette omgrepet. Jøsenfjord Rutelag hadde søkt Suldal kommunestyre om garanti for eit lån for å finansiera ferja. Navnet var så fælt, meinte Veka, at Suldal burde avslå søknaden. Han blei nedstemt, men fekk fyldig avis-omtale for utblåsinga si.


Det var jo ei lukka at Georg Vika hadde teke foto-apparatet med seg. Han var på den tida heradsagronom i Hjelmeland og hadde vore ordførar i kommunen i opptil fleire periodar. Georg Vika dokumenterte festdagen på ein måte som me stadig kan gleda oss over.


«Jøsenfjord-Ferjen» var ikkje bygd for å frakta storkarar med frakke og lakkskor til og frå Hjelmelandskaien. Derfor var det ein heile sjau å få dei i land etter at dei hadde vore inne i Jøsenfjorden og prøvd dei nye ferjekaiane. Ferja sette baugen opp mot kaien slik at folk greidde å hoppa i land mellom dei tome melkespanna som skulle fraktast til Skiftun med rutebåten i kveldinga.


Med ny kvit uniformshua står Gulleiv Norheim frå Erfjord og passar på at ferja ligg trygt til kai. Norheim hadde fått jobb som billettør på ferja etter å ha seilt som matros på «Hjelmelandsfjord» i aldri så mange år. Maskingpassar Øystein Øye kjenner me også igjen. Han står ved rekka klar til å gripa inn.


Aftenbladet sin utsende, Per Surnevik, er eit håve høgare enn dei fleste av frakka-karane. Far hans var styrmann og skipper på fjordabåtane i mange år, ikkje rart at han står i fyrste rekke og studerer tilhøva.


Flotte folk i frakkar og vanlege hjelmelandsbuar på kaien då den nye ferja kom.
Foto: Georg Vika.



NRK sin betrudde mann i Stavanger, Ivar Holm, var også på Hjelmeland denne dagen for å dela det glade ferje-budskapet med resten av landet. På bildet ser du han i samtale med tidlegare fylkesmann John Norem. Mannen med lydband-opptakaren er NRK-tekniker Leif Larsen.To år seinare overtok Leif Larsen som Stavanger-ordførar etter Arne Rettedal. Arbeidarpartiet gjorde eit brakval i byen og Rettedal måtte gi frå seg ordførar-kjedet.


Men det var ikkje berre storkarar som var på kaien for å sjå den nye ferja. Heilt ekta innfødde er å sjå på bilda til Georg Vika. Eg kjenner igjen to av ungdommane litt lenger ute på kaien. Det er jamaldringane mine, Terje Pundsnes, til venstre, og Øyvind Gauthun.


Ein fagmann med rennesøyhua sit på varesykkelen heilt inntil sjøhusveggen og studerer ferja. Det er Harald Børve, matros på «Fjordbris». Han er tydelegvis heime på Hjelmeland på fri og passar på å studera den nye ferja.


Dei andre folka på bildet skal eg ikkje prøva å identifisera, men eg er glad for innspel frå lesarane.


Ivar Holm frå NRK, med ryggen til, intervjuar tidlegare fylkesmann John Norem, 
fylkesmann Paul Ingebretsen og vegsjef Trygve Gimnes.


Mens storkarane åt middag på kommunehuset, blei køane av ventande bilar lengre og lengre både i Tøtlandsvik og på Vindsvik. Turistane måtte berre roa seg. Fyrst neste dag, 14. juli 1965, begynte «Jøsenfjord-Ferjen» å gå i vanleg rute. Der gjekk den i mange år.


Bastard-navnet forsvann i 1999. Då blei navnet «Jøsenfjord». Stavangerske overtok heile flåten til Jøsenfjord rutelag i 1976. Selskapet hadde ferja til 1999.


Bilda til Georg Vika (1918 - 2013) tilhøyrer nevøen, Jostein Vika. Dette er dias som Terje Bråtveit har skanna slik at dei kunne presenterast i denne bloggen.


1 kommentar:

  1. Jøsenfjord-Ferjen var på Jøsenfjorden til August 1986 - 21 år

    Deretter overtok Jøsenfjord-ferjen etter Foldøy i sambandet Jelsa - Foldøy - Hebnes og Nedstrand.
    I juli 87 ble navnet forkortet til Jøsenfjord og i april 1991 var det definitivt slutt som ferje og et fiskeopdrett kjøpte båten.
    Nå er den i Indonesia. Sterkt ombygget.

    SvarSlett