tirsdag 2. mai 2023

Gutten som kom i avisa før han fekk navn!

 

Marta Johanne Høllesli med den udøypte gutten på fanget.


Sjå denne gutten! Ka hette han? Kjenner du igjen mora?


Eg fann dette flotte bildet av gutten og mora då me fekk digitalisert filmane etter Aftenblad-journalist Oddvar Lavold. Det kunne jo vera eit privat familie-bilde, men ingen i Lavold-familien kunne svara.


Så fann eg eit koseleg bilde av ein eldre fiskar som ordna opp i garna sine. Det la eg ut på facebook og spurte om nokon kjente han. - Ragnvald Høllesli, var svaret som kom raskt. Etter eit kjapt søk i Aftenblad-arkivet fann eg også svaret på spørsmålet om mora med gutten på fanget. 


Ragnvald Høllesli bøter garn om bord i fiskeskøyta "Lindøy"



"Stakkars folk i veiløse Høllesli" var tittelen på den store artikkelen som sto i Aftenbladet laurdag 26. november 1966. Høllesli-grenda hadde i 30 år levd i håpet om Ryfylkevegen skulle gå gjennom bygda. Det var til og med bygd eit par korte stubbar på vegen i etterkrigstida, men seinare blei det vald ei billegare løysing.


Då vegen blei åpna i 1965, gjekk vegen ut langs Høgsfjorden forbi Meling og Kvalvåg til Botne. Ikkje rett frå Oanes til Botne. Dermed blei Høllesli liggjande igjen i bakevja utan veg.


Marta Johanne Høllesli var navnet på mora med gutten på fanget. Og gutten? Han var fødd 25. juli 1966, men var ikkje døypt då bildet sto i avisa. Navnet blei Alv Sigve. Nå er han snart 57 år og bur i Høllesli. Han er bygningsarbeidar og jobbar for det meste på Jørpeland. Mora, Marta Johanne bur i nabohuset. Ho er frisk og rask og blir 85 år i august.


Ragnvald Høllesli bøtte på garna sine på dekket på fiskeskøyta "Lindøy". Saman med brørne sine, Bernhard, Rolf og Reinert dreiv han fisket. Ein annan ung fiskar dukka også opp på eit bilde som ikkje kom i avisa.Dette var Ommund Høllesli, nevøen til Ragnvald. Han står ved lukekarmen og ser på fangsten, småfisk som skulle brukast til minkafor.



17-årige Ommund Høllesli ved lukekarmen på "Lindøy".


17-åringen Ommund blei ikkje fiskar. Han var butikkbetjent på Madla og seinare bankmann på Forsand i mange år, før han avslutta yrkeslivet som matros på ferja over Høgsfjorden. Han er busett på Forsand. Då eg snakka med han var 74-åringen med som mannskap på "Elieser" som seilte langs Finnmarkskysten.

Den gamle Aftenblad-reportasjen var heller pessimistisk i tonen. Men det har gått godt med Høllesli-grenda. Dei fekk kjørande veg på 1980-talet og den lenge planlagde vegen Oanes – Botne blei endeleg åpna 1994. Dessutan kom det bru over Lysefjorden i 1997.

Høllesli høyrer til Strand kommune i dag.


Det er folk i alle hus og sju ungar som går på skule. Dermed skulle alt vera såre vel.


Aftenbladet 26. november 1966.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar