fredag 26. mai 2023

Nikolai var både moped-sjarmør og omsorgsfull bror

 

Nikolai Aarthun og systera Ingeborg Vika fotografert av Georg Vika. Nikolai var på sin årlege
sommartur frå Hellandsbygd til systera på Hjelmeland på 1970-talet.


Han var både sjarmerande og fotogen, Nikolai Aarthun frå Hellandsbygd. Ikkje rart at han fekk tilbod frå Oslo om ein rolle i ein reklamefilm. Men han takka kontant nei.


For han reiste ingen plass. Einaste unntaket var ein årleg tur til Hjelmeland for å besøka systera Ingeborg. Då gjorde han klar den flotte, blanke Temo Lett-mopeden dagen før. Den blei berre bruka på turar til Slettedalen og den årlege turen til Vika i Hjelmeland.


- Klokka fire om morgonen starta han på sommarturen. Onkel Nikolai ville komma seg av garde før det blei trafikk på vegane. Dessutan hadde han sikra seg med både hjelm og briller. Ikkje ein motorsykkelhjelm, men ein hjelm for anleggsarbeidarar og vernebriller, fortel Ingebjørg Aarthun som hugsar den gamle ungkaren med glede.


Så Nikolai suste gjennom Sauda sentrum lenge før "morgonrushet" og reiste over Sandsfjorden med Ropeid-ferja før saudabuane begynte å vakna til liv.


Sommarferiane på Hjelmeland varte ei vekes tid. Han hadde eit nært forhold til systera og sonen hennar, Georg Vika som var ein ivrig amatørfotograf. Det var han som fotograferte syskenparet og mopeden framfor huset hennar i Vika ein gong på 1970-talet.


Kompisane Nikolai Aarthun, til venstre, og Karl Handeland hadde alltid mykje å 
snakka om. Foto: Georg Vika. 


Vel heime i Hellandsbygd igjen parkerte han mopeden og brukte den stort sette berre når han skulle opp til Slettedalen for å sjå om sauene sine. Nikolai dreiv småbruket Ekrå i Hellandsbygd. Dette er fyrste garden på høgre sida når du kjem kjørande frå Sauda. Men han budde i eit hus ved kapellet i bygda.


Nikolai var alltid i godt humør og det var alltid lått og løye der han var. Ein sjarmerande mann.


- Kan du begripe at denne sjarmøren ikke er gift, var det ei dame som skal ha sagt.


Nei, han levde ungkarens glade dagar. Om morgonen sykla han av garde for å stella sauene. På vegen heim igjen stoppa han alltid hjå nabo og kamerat Karl Handeland. Dei drakk kaffi og løyste verdensproblem.


Frå reportasje i lokalavisa Ryfylke i 2004.


Ein dag i 1989 mens dei sat der og prata, kom den unge Bjørn Eivind Aarthun innom og tok bilde av mannfolka. Han var i ferd med å etablera seg som fotograf i Oslo og tok bilde av likt og ulikt i heimbygda. Bildet av dei to kompisane blei arkivert og kunne brukast til ulike føremål. Slik enda det med at dei karane havna i ein heilsides Gilde-reklame i vekebladet ”Se og Hør” i 2004. Dei to kompisane opplevde ikkje dette. Karl døde i 1992 og Nikolai i 1996.


Grunnen til at eg skriv om dette? Eg fekk tilgang til ein del av bildesamlinga etter Georg Vika. Der fann eg bildet av Nikolai og Ingeborg saman med mopeden. Bildet var så spesielt at eg måtte finna ut meir om dei to syskena og mopeden.


Ingeborg var fødd i Hellandsbygd i 1896. Ho blei gift med den kjende gjætaren og heiamannen, Syvert Vika frå Hjelmeland. Saman gjætte dei svære sauedrifter i Saudaheiane i 50 år. Mannen døde i 1962. Ingeborg blei 95 år gammal.


Kor blei så mopeden av? Dette var ein Tempo Lett frå 1966 med registeringsnummer L 36591.


Nikolai gav mopeden til Tor Egil Aarthun då han var 16 år i 1985. Han brukte mopeden på ein heilt annan måte. Den enda som dele-moped og er for lengst ute av soga.


Nikolai Aarthun sin Atlantic-aksje.


Mangfoldige Nikolai Aarthun kjøpte ikkje berre moped. Av alle ting hadde han også kjøpt seg ein aksje i Hotel Atlantic i Stavanger i 1950. Den gav han på sine eldre dagar til nevøen Torstein Vika. Aksjen kosta 500 kroner i si tid. Torstein fekk 17 000 for aksjen mange år seinare då han selde den.


(Bildesamlinga etter Georg Vika tilhøyrer Jostein Vika. Terje Bråtveit har skanna dei som eg har brukt.) 


Kommentar på Facebook: 


Knut Georg Nilsen

Nikkull heitte han i Hellandsbygd. Han åtte ein av dei tre mopedane i bygdå i 1970. Onklane mine hadde di to andre.
Nikkull og onkel johannes var fleire gonger på mopedtur heilt til Dyrskuen i Seljord. Det er i september og ein gong kom det snø på Haukeli. Den turen har eg høyrt mykje om fleire gonger. Fortelja kunne dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar