lørdag 6. mai 2023

Hardbarka karar freste snø til langt ut i juni!

 


Dei to "snøfresarane", Per Skårland og Odd Mehus, blei små ved sida av brøytekantane. 
Foto: Oddvar Lavold.


Dei freste snø langt ut i juni. Målet var å åpna vegen over fjellet mellom Sauda og Røldal til jonsok etter den fæle snøvinteren 1962. Dei høgaste brøytekantene var 10 meter.


Aftenblad-journalist Oddvar Lavold drog til fjells og møtte vegarbeidarane Per Skårland og Odd Mehus på høgfjellet. Ikkje nokon jobb for amatørar dette. Mehus gjekk oppå den hardpakka snøen og stakk lange aluminiumsstenger ned i snøskavlane for å finna føringskanten og vegen. Per Skårland kom etter med fresaren som hadde meir enn nok med å blåsa snøen over dei høge brøytekantane.


Ikkje mykje klaring for vegvesenet sin store lastebil.


Vegen blei akkurat brei nok til at den store diesel-lastebilen til Vegvesenet kunne komma fram.


Brøytemannskapet hadde vore i sving sidan veka før 17. mai og rekna med å vera ferdige 20. juni.


Snøfresaren var ikkje sterk nok. Den streika rett som det var. Vegarbeidarane hadde eit svært fang med verktøy liggjande inne i styrehuset. Dei måtte vera sine eigne mekanikarar. "De er meget dyktige i så måte, og det er nødvendig for det er svært meget trøbbel med freseren", sto det i reportasjen.


Snøfresaren blei svak mot den harde snøen og trong stadig reparasjon. Dei to
arbeidskarane måtte reparera sjølv. Per Skårland, til venstre og Odd Mehus. 


Veka før journalisten var på fjellet, hadde fresaren hatt stopp frå laurdag til onsdag. Tre gonger hadde det vore større reparasjonar medan arbeidet pågjekk på fjellet. Det var kardangen som brakk. Viss det ikkje hadde vore så mykje trøbbel med maskinen, ville vegen vore åpna for lenge sidan.


Per Skårland blei utropt til folkehelte i Sauda då han kom med snøfresaren etter det voldsomme snøfallet vinteren 1962. Han åpna raskt Dollarvegen mellom Sauda og Ropeid. Den lause nysnøen langs fjorden var null problem for maskineriet. Den hardpakka snøen i høgfjellet var andre boller.


Per Skårland frå Brusand jobba med snø ti månader i året. 


Skårland frå Brusand på flate Jæren, var fast inventar på snøfresarane i Rogaland. Han veksla mellom Sauda, Giljajuvet og Hunnedalen. - Men det er gildt med snø, sa snøfresar Skårland til journalist Lavold.


 Odd Mehus var fast vegvesen-mann i indre Ryfylke og hadde opplevd verste snøvinteren i manns minne. Dei to karane var herda, dei var brunbarka og gjekk med åpne skjortebryst sjølv om det var både skodde og regn.


Brakka hadde dei ikkje med seg. Dei hadde eit gassapparat ståande bak på lastebilen slik at dei kunne koka kaffi til nista som besto av brødskiver med gaffelbitar.


Ein engelsk bil kom kjørande innover fjellet ein dag. Turistane var forbausa då dei blei vinka ned frå fjellet igjen. Nede i Hellandsbygd sto det eit svært skilt med ordet STENGD på, men slikt var ikkje å skjøna for engelskmenn. Ein svenske hadde også prøvd seg. Danskane, derimot, som hadde vore på besøk, dei visste at vegen var stengt.


Den store reportasjen med tittelen "Bare tre mils vei" sto i Aftenbladet 15. juni 1962. Her eit avsnitt til slutt:


"Det var denne veien mellom Hellandsbygd i Sauda og Horda i Røldal staten fikk i presang av Aktieselskabet Saudefaldene. Den går først i korketrekkersvinger opp fra Hellandsbygd til Breiborg, fortsetter innover høgheia forbi Svartevatn til Ekkjeskaret i Røldal. En stor del av veien ligger nær 1000 meter over havet i et fjellparti som er noe av det mest snørike på Vestlandet. Her vest faller det mange ganger så meget snø som lenger øst."


Utsyn frå Ekkjeskaret mot Røldal. Dette bildet er nok teke litt seinare på sommaren. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar