søndag 6. oktober 2019

- Hummaren nesten utrydda i Jøsenfjorden, seier yrkesfiskar

Hummarfiskaren Eileiv Kloster med sjarken «Tordenskjold» har vore ein fast gjest i Jøsenfjorden i mange år.
Men dette trur han var hans siste tur til fjorden. 


- Hummaren er nesten borte i Jøsenfjorden nå. Åtte humrar har eg fått etter å ha hatt 73 teiner i sjøen tre netter denne veka etter at fisket starta 1. oktober. Tidlegare har eg fått opptil 125 humrar på ei natt i Jøsenfjorden, seier Eileiv Kloster frå Sørbø på Rennesøy.

I snart 40 år har fiskaren med den raude sjarken «Tordenskjold» vore fast gjest i Jøsenfjorden. Dei flotte haustdagane der inne har han alltid sett på som eit høgdepunkt når vêret  har vore fint. Vêret har det ikkje vore noko gale med i år heller, men hummaren ser ut til å vera omtrent borte.

- Eg hadde teinene på det som eg har rekna som dei beste plassene der inne. Men resultatet var skuffande. Sjøstjernene såg eg heller ikkje noko til. Dei har det alltid vore altfor mykje av før, seier Eileiv Kloster som trur det har skjedd noko med sjøen som gjer det lite leveleg for hummaren.

- Kan det vera all dette giftige midlet mot lakselusa som har skada hummarbestanden, spør Eiliv Kloster.

- Målet mitt i år er å få 25 humrar. Då har eg nok til å dela
med familien, seier Eileiv Kloster. Foto: Knut S. Vindfallet.


I tidlegare tider gjorde Eileiv Kloster og dei andre yrkesfiskarane bra med pengar på hummarfisket. Nå er det ikkje så viktig lenger. 

- Mitt mål er å fanga 25 humrar i år. Då har eg nok til å dela med familien til jul, seier Rennesøy-fiskaren. 

Men det er stadig mange hobbyfiskarar som satsar på hummarfisket. 

- Eg hadde tenkt å setja nokre teiner ved Vignesholmane utanfor Finnøy då eg var på veg heim til Rennesøy, men der sto teinene så tett at eg gav opp, seier Eileiv Kloster som trøystar seg med at han er pensjonist og ikkje skal leva av hummarfisket.

- Sidan fangsten var så elendig og helsa mi heller ikkje er som før, reknar eg med at dette var min siste tur til Jøsenfjorden, seier Eileiv Kloster.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar