torsdag 24. oktober 2019

Ferjekokk med begge beina på landjorda




Matros Thomas Fuglestein Bog på «Hjelmeland» meiner at han går rundt som eit bevis på at Annbjørg Mæland og kollegene
lagar gode middagar til ferjemannskapa.

- Eg er eit levande bevis på at Annbjørg og dei andre på Kniv og gaffel er flinke å laga middag, seier ferjematros Thomas Fuglestein Bog og klappar seg på magen.

«Hjelmeland» og «Sigrid» som går i ferjesambandet Hjelmeland, Nesvik og Ombo og «Sjernarøy» og «Foldøy» som går i Midtsambandet på andre sida av Ombo, blir alle dagleg forsynt med rykande varm middagsmat frå cateringfirmaet Kniv og gaffel som har basen sin i underetasjen i Sande Næringsbygg, eit steinkast frå ferjestøa på Hjelmeland.

Godt og vel 30 middagsporsjonar går frå Sande til ferjene som går på kryss og tvers i fjordane på begge sider av Ombo.

Annbjørg Mæland (25) er ferjekokken på Hjelmeland. Ho er utdanna helsefagarbeidar, men har jobba i Kniv og Gaffel sidan hausten 2016. Frå kjøkkenet på Hjelmeland blir det sendt middagsmat kvar dag til ferjene.  Annbjørg og kollegene hennar leverer middagsmaten i varmekassar på ferjekaien på Hjelmeland. Maten som skal til ferjene i Midtsambandet, blir frakta i taxi over Ombo til Eidssund. Kvar dag heila året.


Annbjørg Mæland og Flona Khano laga fårikål og plukkfisk
den dagen bloggaren var innom på kjøkkenet.


Cateringfirmaet Kniv og gaffel blei etablert på Hjelmeland av Roy Munthe i april 2016. Frå dette tidspunktet har firmaet levert ferjemiddagar. Dette er basisen i firmaet som også leverer alle typer mat til alle slags behov.

Ferjemannskapa jobbar ei veke og har to veker fri.  På mandagen får dei ein kjøttmiddag samtidig med at dei får presentert ein meny for heile veka. Kvar dag er det to retter: Kjøttmiddag og fiskemiddag. Så kan dei velja og kryssa av kva dei ynskjer til middag heile arbeidsveka..

Då bloggaren var innom var Annbjørg Mæland og assistent Flona Khano i full sving med dagens middagar: Plukkfisk og fårikål.

- På «Foldøy» er det fire som skal ha plukkfisk og to som har bestilt fårikål, seier Annbjørg etter eit raskt blikk på dagens bestillingsskjema.

- Er det nokon favoritt-rett for ferjefolket?

- Dei likar godt steikt sei. Det har me ofte på menyen. For fjorten dagar sidan kunne dei velja mellom kjøttkaker og fiskekaker. Då var det berre ein som ville ha fiskekaker.

På kjøkkenet på Sande får dei lite klager på maten.


Dei forsyner ferjemannskapa med middagsmat. Sjølv har Annbjørg Mæland og Flona Khano beina trygt planta på landjorda.


På søndagane spanderer Kniv og gaffel dessert på ferjefolket. Det kan vera karamellpudding, eplekake eller sviskekompott.

- Me får meir skryt enn klager, seier ferjekokken som er nøydd til å ta matlaginga på det største alvor. Kjærasten hennar, Kai Arne Halvorsen, jobbar nemleg om bord i «Sigrid».

Viss blogglesarane blir forvetne på koss ferjematen smakar, kan dei ta seg ein tur til Vormedalen 3. november. Der serverer Kniv og gaffel søndagsmiddag på grendehuset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar