torsdag 31. oktober 2019

Blir dei aldri forsynt med ungar i Jøsenfjorden?

Aksel Nielsen Hjorteland (4) og Johannes Selvikvåg Østerhus (snart 4) har
meir enn nok tumleplass i barnehagen i Jøsenfjordn. Her er dei under oppsyn
av styrar Anita Hjorteland Viken.

Neste år blir det fullt i barnehagen i Jøsenfjorden når dei to babyane i bygda har vokse seg store og blitt eit år. Nå er det 12 ungar i barnehagen, fem jenter og sju guttar. Denne bygda langt inne i Ryfylke-fjordane er både frodig og livskraftig.

 13 yngre fjordbuar går i grunnskulen. Dei blir skyssa med buss til Erfjord skule. Samla blir dette 27 barn med stort og smått. Ikkje verst i ei bygd der ein reknar at det bur omlag 110 sjeler. 

- Hei, kom igjen! Her er ennå plass for ein til hjå oss, seier barnehagelærar Lene Kaldheim og styrar Anita Hjorteland Viken.
- Viss det kjem ein unge til nå, er det fullt viss dette er eit barn mellom tre år og seks år. Sjølv om det er 17 plasser i barnehagen. Slik er reglane, seier Anita Hjorteland Viken som er barnehage-styrar.

Det er ikkje plassen det står på i barnehagen.  Men ein må ha fleire vaksne til å ta seg av dei små dersom ein skal auka kapasiteten. Slik er reglane.

Denne hausten var det tre nye ungar som starta i barnehagen. Det er 100 prosent oppslutning om barnehagen. Alle ungane i bygda går her!


-Jøsenfjorden er ei flott bygd med mange fine turmål i nærområdet: Longemo, Iglatjønn og Skytebanen. Her er dei største av barna ofte ute på tur, seier barnehagestyraren.

Barnehagen er åpen frå klokka kvart over sju til kvart over fire kvar dag. Også om sommaren viss det er behov for det.

Skulen i bygda blei nedlagt i 2012 og skulebarna måtte reisa til Hjelmeland for å gå på skule. Etter eit par års tid, blei Jøsenfjord-elevane overført til Erfjord i nabokommunen Suldal. Dermed har dei litt kortare veg fram og tilbake.


Kart: Google Maps


Barnehagen overtok skulen sine lokale. Det manglar ikkje på tumleplass for ungane. 

Barnehagen er ein etter måten stor arbeidsplass i Jøsenfjorden med sine fire tilsette. Du skulle tru arbeidsplassane var kjærkomne på ein så liten plass, men ingen av dei tilsette bur i bygda.

Styrar Anita bur i Hjelmelandsvågen og dei tre andre vaksne bur også i nabobygdene.

- Vil denne babyboomen halda fram?

- Eg trur kanskje dei unge familiane begynnar å bli forsynte med ungar nå. Dermed kan det dabba av med småungar i bygda i åra som kjem. Me får venta og sjå, seier Turid Fyljesvoll Hjorteland som er leiar av bygdeutvalet i Jøsenfjorden.

Pukkverket til Norsk Stein på Berakvam ved Jelsa i Suldal kommunen gir arbeid til eit ti-tals fjordabuar. Det er også to-tre arbeidsplassar hjå Norstone som skipar ut stein og grus frå Jøsenfjorden. Oppdrettsnæringa gir også arbeid til folk her inne. Eg må forresten ikkje gløyma at den lokale daglegvareforretninga gir arbeid og det er ein god del fjordafolk som er engasjerte i offentleg sektor. Då er vel det meste med!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar