torsdag 3. oktober 2019

Den fyrste hummar og dei siste plommer

Lite hummar å få, men mykje frukt å få kjøpt i Hjelmeland. 



Ganske deprimerande å ringja rundt og samla inn fiskerimeldingar etter at folk trekte hummarteinene for fyrste gong i går. Fem humrar på ti teiner fekk ein fremmande mann på Fister. Det same gjorde ein som eg ikkje kjenner på Rennesøy. Og ein yrkesfiskar hadde fått 17 humrar på 90 teiner.

Ikkje berre å få  hummar i teina. Den skal vera fri for
rogn og  halda målet også. Foto: Fredrik Refvem,
Aftenbladet.
Sjølv fekk me ein av dei svarte i går. Det same gjorde ein som eg kjenner på Nedstrand. Men eg har og snakka med folk som ikkje fekk hummar i det heila tatt.

Men kaffor skal ein hengja med håvet i det fina haustvêret. På Hjelmeland kunne me gassa oss med nyplukka plommer, eple og pærer på sjølvforsyningsdisken til Sigurd og Ola Dale i Askvik. 


- Nå er me nesten ferdige med frukthaustinga, men viss det ikkje blir frost, kjem me til å selja frukt ved vegkanten fram til desember, seier Sigurd Dale.
Sviskeplommer, pluss eple og pærer frå Hjelmeland.
I går baud dei fram Valor-plommer (sviskeplommer) og eplesortane Summerred, Aroma og Åkerrød. Pærene heitte Grev Molkte, Klara Friis og Dobbel Filip.

Sigurd Dale har for lengst levert garden vidare til sonen Ola. Han har også overteke som torghandlar i byen. Når frukthausten er på det mest hektiske, står Ola på Torget kvar dag, men nå er det begrensa til fredag og laurdag.

Sjølv om fruktsesongen snart er slutt, har dei arbeid nok på garden med vedaskog, sauer og høns.

I fruktsesongen har dei to litauarar i arbeid. Resten av året er det Ola og kona Anne Kari og seniorane Sigrunn og Sigurd som tek seg av arbeidet på garden.

2019 har vore eit godt fruktår, betre enn i fjor.

- Det kunne godt regna litt mindre i september, men elles har det vore bra, seier pensjonert kommunegartner Terje Pundsnes som fortel at det vil komma mykje meir frukt frå Ryfylke i åra som kjem. Volumet vil bli dobla i løpet av få år.

For hummaren sin del ser det ikkje så lovande ut. Men me gjer ikkje opp fordi om det er rennesøybuar som har fått fem humrar på ti teiner.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar