mandag 14. oktober 2019

Fossil-sjåfør i elbil-klemme!


Ganske pinlig å stå der utan å vita koss ein fekk elbilen i gir. Foto: Kånå. 


Hjelp! Bilen rikkar seg ikkje! Ferja er klar til å gå!


Den følelsen! Stå i ferjekø på Hjelmeland og bli vinka om bord i ferja, men du får ikkje rikka bilen av flekken.

Eg måtte åpna bildøra og vinka bilane bak meg i køen forbi.

- Sjå den gamle tullingen. Han har sikkert gløymt å lada batteriene til den hekkans symaskinsmotoren! Nå står han der utan å komma av flekken! Fulla raua av pengar, men bompengar skal dei ikkje betala. Ha-ha!

Eg følte meg meir komfortabel bak rattet på flybussen, Foto: Gro Skartveit.


Eg høyrde ikkje kva dei sa i dei andre bilane som kjørte om bord i ferja, men eg kan levande tenkja meg at det var dette dei sa. Dei skulle berre visst. Batteriet var smikkfullt med straum. 

Bensinbilar, dieselbilar og gassbussar har eg kjørt. Eg har til og med vore konduktør på trolleybuss. Alt dette har eg komme frå med æra i behold. Men dette med bil med straum på batteri var ikkje så lett som eg trudde. På skulen i gamle dagar lærte me at det var energi-sløsing å putta elektrisiteten på eit batteri før ein brukte den. 

Min 15 år gamle fossilbil av SUV-typen står stort sett i garasjen og kjedar seg. For det meste tek me bussen anten me skal til Stavanger sentrum eller til Hjelmeland. Så lenge denne bilen er kjørbar, kan eg ikkje forstå at det er lønnsamt for meg å skifta til elbil. Det kan ikkje vera bærekraftig heller å knoksa ein fullt brukande fossilbil for å kjøpa seg elektriske kjøregreier. 

Honnørbillett på bussen frå Tau til Hjelmelandsvågen er dessutan rasande billig. Berre 19 kroner.  Då svarar det seg ikkje å kjøra eigen bil. Berre unntaksvis brukar me fossilbilen til hytta.

Dei siste vekene har eg hatt bilen på Hjelmeland. Grunnen var eg skulle bruka den til ein og annan tur inn til Jøsenfjorden for å fiska.

Så skulle dei unge i familien til fjells nå i haustferien. Dei er svorne elbil-brukarar. - Om dei kunne få låna vår gamle bil når dei skulle kjøra på ein humpete fjellveg til hytta. Dette var ingen ting for ein liten elbil. Me kunne bytta bil. Det var så enkelt!

Eg blei dytta inn i elbilen og instruert i full fart. Dermed trilla elbilen mot ferjekaien med meg bak rattet. Lett å kjøra. På  eit blunk var eg på ferjekaien og stilte i køen. Eg stoppa,  skrudde av motoren og sette bremsen på og automat-giret i P-modus. Men då eg skrudde på motoren og skulle kjøra om bord fekk eg ikkje denne bilgreia i gir. Den sto i N. Umulig å få den i Drive-modus eller revers. 

Etter å ha vinka dei andre ferjebilane forbi, fekk eg trilla elbilen til sides. Der sto eg svettande og trykka på knappar og trampa på pedalene. Plutseleg skjedde det eit eller anna. Bilen var kjørbar igjen. Men kva hadde eg gjort då eg fekk bilen i gir, hadde eg ikkje peiling på.

Når smarttelefonen eller Pc-en streikar, ringer eg til barnebana. Denne gongen henta eg kånå. Me sat i elbilen og funderte. Kva slags idiotiske feil var det eg gjorde.

Elbilen var sikkert heilt OK. Men ingenting for ein gammal fossil-sjåfør på hyttetur på Hjelmeland. 


- Høyr fanfaren når det lyser opp på dashbordet! Når du får den lyden, kan du få bilen i gir, sa kånå som har kjørt buss i sin ungdom. Det viste seg at dashbordet gav frå seg ein lyd som likna på den frå isbilen når den var kjøreklar.

Slik blei mysteriet løyst. 

På denne bilen var det ikkje håndbrekk. Det var ein pedal med samme funksjon på venstrefoten. Når du løyste ut "fotbrekket" og heldt den vanlege fotbremsen inne med høgrefoten, kom isbil-fanfaren og bilen var klar til utrykning.


Det blei ingen fisketur denne dagen, men nå fiksar eg elbilen. Men eg skal tvihalda på fossilen så lenge den går!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar