fredag 4. oktober 2019

Eple-pressaren har full sjau med frukt, villsauer og skuleungar

Ein full kasse med Aroma-eple klar til pressing. Jostein Hjorteland
har med seg Jakob Hjorteland Gbada på jobb fleire dagar i veka.


Du kan ikkje leva av å pressa eple. Den slags arbeid må du kombinera med allslags løye for å få ein levemåte ut av det.

Jostein Hjorteland (61) frå Jøsneset i Hjelmeland, er ikkje berre eplepressar. I tillegg driv han makrell-mottak, er fruktdyrkar, sauebonde og sjåfør på skulebussen.

Eplesesongen varer frå midten av august til ut i oktober. På denne tida er dagsproduksjonen på 1000 liter eplesaft. Ein reknar at 65 prosent av kvart eple blir til saft. Vel 20 tonn med eple blir presssa til most hjå Jostein Hjorteland. Kunde-pågangen har vore kraftig aukande dei siste åra.

Lokala der fruktpressinga føregår, ligg ved den gamle rutebåt-kaien på Skiftun. Før i tida var det dagleg rutebåt-anløp her og det var både landhandel og postkontor.

Frost-stripene på desse Rubenstep-epla gjer dei ubrukeleg til salgsvare. Dei blir pressa til most. 



Jøsnes-presseriet tek mot frukt frå heile distriktet. Mange fruktdyrkarar frå Hjelmeland og Suldal kjem til Skiftun for å utnytta epla som ikkje kan leverast og får med seg eplemost heim igjen.

- Desse epla er det froststriper på. Dei kan ikkje seljast til grossist. Dermed er løysinga å pressa safta ut av dei, seier Hjorteland og held fram ein neve med Rubenstep-eple der stripene er lette å sjå.

Buhagen er varemerket frå Jøsneset.
Fleire fruktdyrkarar har nå planar om å produsera sin eigen eplecider som dei så skal selja vidare frå eigne gardsutsalg.

Då me var innom på Skifttun på fredag blei det pressa Aroma-eple som skulle brukast til forsøksproduksjon av ein lokal fruktdyrkar. På Skiftun-kaien er dei heller ikkje framande for å driva med cider-produksjon.

Jostein Hjorteland har laga eige firma med navnet Buhagen saman med naboen Silje Sværen. Dei sel eplemost både på flasker og i kartongar.

Dei hyrer ikkje inn aust-europeisk arbeidskraft på Skiftun. Der klarer dei seg med jøsnesbuar både i presseriet og i frukthagen. Til og med den 86 år gamle Olga, mor til Jostein Hjorteland, er i full sving med å plukka eple nå om dagen. Nevøen, Jakob Hjorteland Gbada, hjelper til i fruktpresseriet eit par dagar i veka.

Så får me venta å sjå om det blir cider å få.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar