tirsdag 8. oktober 2019

Mikal røyker laksen, men Astrid er sjefen!

Mikal O. Viga starta med å røyka laks på hobbybasis. Då dette blei så stort at han måtte etablere firma, var det kona,
Astrid Fossaa Viga, som blei sjef. På jobben også.

Nordsjø-arbeidaren begynte å røyka laks på fritida. Laksen selde Mikal O. Viga til naboar og kjenningar. Dette balla på seg. I dag er dette blitt ei røykeri-bedrift med fem-seks arbeidsplasser og ein omsetning på 12-15 millionar kroner årleg. Men det er kona, Astrid Fossaa Viga, som er sjefen, På jobben også. Mannen, derimot, får tøffa seg på varemerket King Mikal Salmon.

Ei vekes tid går det frå fersk laks til røykelaksen er ferdig
til levering.
Det blir produsert mykje oppdrettslaks i Ryfylke, men det er lite av laksen som blir vidareforedla her i landet. Mesteparten blir eksport etter at den er slakta og sløya. Mikals Laks er av dei få her i landet som har laga seg ein levemåte med å selja røykelaks både i Norge og utlandet. Totalproduksjonen er på 100 tonn. 15 prosent av dette blir eksportert til Tyskland, Austerrike, Luxembourg, Sveits og Frankrike.

Interessa frå utlandet kom heilt uventa på laksarøykaren medan han stadig dreiv på hobbybasis heime på Hundsnes i Hjelmeland. Han hadde selt laks til ein turist som jobba i ei norsk bedrift i Sveits. Der fall røykelaksen i smak. Kort tid etterpå kom det bestilling på 300 kilo laks frå direktøren i bedrifta i Sveits. Men hobbyrøykaren hadde ikke eksport-lisens.

Han smugla laksen til Sveits. Året etterpå var bestillinga dobla og laksen blei levert til kunden på same uoffisielle måte. Så ville dei ha eit tonn røykelaks. Men då blei laksen stoppa av tollarane på grensa til Sveits, forsto hjelmelandsbuen at det var på tide å satsa seriøst. 

Ruta Vaiciene er ein av tre litauarar som
arbeider på lakserøykeriet.
- Dette var ikkje nokon hobby lenger, seier Mikal O. Viga som akkurat i desse dagar har besøk av sveitsiske kunder på røykeriet på Jøseneset i Hjelmeland.

Familiebedrifta Mikals Laks blei etablert i 2000. Dei kjøpte eit industribygg på Jøsneset der det blei etablerte eit topp moderne røykeri som i dag gir arbeid til seks-sju personar. Ekteparet Viga og dottera Maren jobbar her saman med tre litauarar og norske ekstrahjelparar. Sonen Odd er ikkje med i familiebedrifta. Han er i oljå.

Stavanger-området er aller viktigaste marknaden. Omtrent halvparten av produksjonen på 100 tonn røykt laks, blir omsett blir omsett på Nord-Jæren.  I ein del butikkar i Kristiansand og Oslo har også King Mikal røykelaks.

Dei store kjedane dominerer i daglegvare-bransjen. Dei har vist interesse for røykelaksen frå Hjelmeland, men Viga-familien vil vera uavhengige og halda på sitt eige varemerke. Dermed er nok volumet mindre, men kontrollen for eigarane er betydeleg større.

Røykt ål har Mikal O. Viga også akkurat nå.
- Me er stadig ute på messer og marknader for å møta nye kunder. På Gladmat i Stavanger har me vore faste gjester i mange år. Dessutan tek me mot både enkeltkunder og grupper på fabrikken vår på Jøsneset, seier Astrid og Mikal.

Toppkvalitet er sjølvsagt for produkta som blir levert frå Viga-røykeriet. Dei har fått haugevis med prisar og diplomar. Laksen er heilt fersk når den kjem til produksjonslokalet der den blir salta, tørka, røykt og modna. Ei veke seinare er fisken ferdig til levering.

Laksen dominerer, men dei røyker også aure hjå Mikals laks. I den seinare tid har dei også røykt ål som er levert frå ein lokal fiskar som har fått dispensasjon til å driva prøvefiske etter ålen som står på raudlista for utrydningstruga arter.  

Forresten kom eg på ein ting. Du kan ikkje selja røykt ål i pakningar der det står King Mikal Salmon. Kva i all verda heiter ål på engelsk? Vett an Mikal det, monn tru?



  














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar