torsdag 10. oktober 2019

Nye tider med Sæbø-sider


Den nye fruktbonden, Dan Olav Sæbø, satsar på siderproduksjon på Sæbø når han overtek garden etter foreldra Oddbjøn
og Brit frå årsskiftet. 


1500 liter eplesider står nå og gjærer i store tankar på Sæbø i Hjelmeland. Om eit par månader skal den vera klar for salg. 

Det blir nye tider når Dan Olav Sæbø (30) flyttar frå byen og overtek farsgarden på Sæbø frå årsskiftet. Han har jobba som tømrar i Stavanger-området i mange år. Nå satsar han som fruktdyrkar, saft- og siderprodusent på Hjelmeland.


Den nye bonden har kursa seg i siderproduksjon hjå fagfolk i Hardanger og skaffa seg dei nødvendige løyva for å produsera alkoholholdig sider og selja den frå eige gardsutsalg, til restaurantar og til Vinmonopolet.

- Her skal det snart tappast eplesider, seier Dan Olav Sæbø.
Med alle løyve på plass kunne han nå starta produksjonen av det fyrste partiet med sider laga av epla frå eigen gard. Han har laga sitt eige selskap, Apal Sideri, som nå har løyve til å produsera og selja drikkevarer med eit innhald på inntil 22 prosent alkohol.


Oddbjørn Sæbø (64), far til Dan Olav Sæbø, starta for fire år sidan firmaet Sæbø frukt og safteri. Han ville utnytta epla som blei klassifisert som sekunda vare til å produsera eplesaft frå eiga fruktpresse. Eplesafta er blitt ei populær vare som har gitt meirforteneste til gardsdrifta.


- Planen er at eg skal riva den gamle løa på garden og byggja eit produksjonsanlegg. Dette utstyret skal eg bruka både til min produksjon og til tenester for eventuelle kolleger i distriktet som vil driva med siderproduksjon, seier Dan Olav som ikkje veit ennå kor store investeringar det er snakk om for å få produksjonsanlegget på plass.

Råstoffet til siderproduksjonen blir epla frå eigen produksjon som blir klassifisert som sekunda vare. I tillegg vil han kjøpa inn eple frå andre fruktdyrkarar og pakkeri.

- Fagfolk meiner at eg må ha eit produksjonsvolum på mellom 15 og 30 000 liter sider for å få ei lønnsam drift. I Hardanger er det dei som lagar 100 000 liter sider i året. Der er det kamp om å skaffa nok råstoff i dag, seier den nye fruktbonden som ikkje trur at sider-marknaden er metta.

Siderproduksjonen vil ikkje gi mange nye arbeidsplassar. Dan Olav Sæbø reknar med at han skal gjera det meste av arbeidet sjølv med unntak av i fruktsesongen. Då vil han ha bruk for ekstrahjelp. Han reknar også med at faren vil vera med i arbeidet på garden i mange år framover. Forresten reknar Dan Olav med å driva som tømrar innimellom. 

Alle frukttrea på garden blir nå skifta ut. På dei 20 måla med dyrka mark blir det nå planta 7000 nye epletre. Utmarka på garden blir utleigd til bønder som treng beitemark.

Gardsdrifta på Sæbø har gjennomgått store endringar sidan gamle Olav Sæbø, bestefaren til den påtroppande fruktbonden, dreiv garden. Han hadde frukt, gris, høns og ungdyr og dyrka purre. 

Då Oddbjørn overtok i 1984 heldt han fram omtrent som før, men skifta ut ungdyra med sauer. I tillegg var han ambulansesjåfør. 

Bygningane på garden var gamle nå. Difor måtte det ei endring til ved dette generasjonsskiftet, seier Oddbjørn Sæbø som støttar sonen som nå stakar ut ein ny kurs på garden. 


Dan Olav Sæbø vil ikkje ha foreldra, Brit og Oddbjørn så langt unna når han overtek garden. Ei tid var det snakk om at dei skulle byggja nytt hus på Fister der Brit kjem frå, men nå er planen å byggja nytt hus i Hjelmelandsvågen. 






.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar